Eugène Fromentin | |
![]() | |
Pseudonym | Fromentin, Eugene, Fromentin, Eugène-Samuel-Auguste, Fromentin-Dupeux, Eugene Samuel Auguste |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 24. oktober 1820 La Rochelle |
Død | 27. august 1876 (55 år) |
Yrke | kunstmålar,skribent,kunsthistorikar |
Språk | fransk |
Sjanger | landskapsmåleri |
Medlem av | Académie des belles-lettres, sciences et arts de La Rochelle |
Far | Pierre Samuel Toussaint Fromentin-Dupeux |
Eugène Fromentin på Commons |
Eugène Samuel Auguste Fromentin (24. oktober 1820–27. august 1876) var einfransk forfattar og målar.
Fromentin vart fødd iLa Rochelle, der far hans var dokter. Etter skuletida i heimbyen reiste han tilParis for å studerejus. Han fullførte studiane, men tok ikkje opp yrket. I staden byrja han å måle. Han studerte då nokre år hos landskapsmålaren Louis Cabat.
I 1846 gjorde Fromentin ei reise tilAlgerie. Med sin kjennskap til landet og folket, vart det ein inngang til kunstlivet. Som ein av dei fyrste laga han bilete med motiv frå Algerie. Hans fyrste store suksess kom då han i 1847 fekk synt verketGorges de la Chiffa, basert på turen til Algerie, på Paris-salongen.
Fromentin var ein ivrig deltakar då det franske monarkiet vart styrta i1848. Same året reiste han tilbake til Algerie, der han vart verande i fire år. I 1850 sende han nye kunstverk frå Algerie tilAcadémie des Beaux-Arts i Paris. Ved tilbakekomsten til Frankrike i 1852 byrja han i tillegg til målinga også å skrive om reisene sine.
Fromentin pleia omgang med dei mektigaste miljøa i det nye regimet, det andre keisarriket. Han var ein populær kunstnar, tok ofte del ved store middagar og feiringar. Til dømes sat han dåSuezkanalen vart opna i 1869 ved sida av keisarinne Eugénie ogFerdinand de Lesseps, leiaren for bygginga av kanalen. Reisa og opphaldet iEgypt gav opphav til nye motiv, noko som resulterte i fleire av dei beste bileta hans.
Forfattarskapen hans var ikkje like omfattande som målargjerninga. Fromentin skreiv ein einaste roman,Dominique, som gjekk som magasin-føljetong i 1862, før han året etter kom i bok. Elles skreiv han fleire verk om reisene sine iNord-Afrika. Han skreiv også ein grundig kunsthistorisk studie om dei nederlandske ogflamske 1600-talsmålarane,Les maîtres d’autrefois (1876), basert på ei reise iBelgia ogNederland i 1875.
Han vart i samtida mykje beundra for måleria sine, forma i ein stil som viser påverknad frå den eldre landsmannenEugène Delacroix. Fromentin sine bilete er karakterisert av ein slåande komposisjon, framifrå handlag og ein briljant fargebruk.
Han døydde brått ved La Rochelle i 1876, knapt 56 år gammal.