Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Etnisitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etnisitet elleretnisk er nemningar som blir bruka om det fenomenet atgrupper avmenneskeidentifiserer seg etter tenkte eller reelle skilnader i høve til andre folkegrupper. Desse skilnadene kan bli definerte ut fråkulturelle,språklege,historiske,religiøse eller såkallarasemessige kriterium. Etter eitt av fleirenasjonsomgrep, definerer etnisitet, elleretnos, tilhøyrsla til ein nasjon.

Etnisitet og rase

[endre |endre wikiteksten]

Omgrepetetnisitet blei bruka som eit slags avløysarord forrase frå midten av 1900-talet, etter at raseomgrepet var blitt forkasta på grunn av det sterke bandet tilnazismen og overgrep frårasehygienen.Rase blir framleis bruka i mellom annaUSA for å dela inn folk i etniske grupper, medan ein i Europa gjerne brukaretnisitet for om lag same omgrepet.

Bruken av dette omgrepet blir i dag vanlegvis rekna som betre enn den tidlegare bruken av omgrepet «rase» — eit omgrep som tok utgangspunkt i ei tru på ulike menneskerasar som biologisk klart definérbare. Grunnen til at ordet «rase» i denne tydinga ikkje ervitskapleg akseptert lenger er at haldbare definisjonar og klåre grenseoppgangar har vist seg å vere umulege å få til. Men samtidig er det somme tider lett å sjå forskjell på folk, så ulike folkeslag finst opplagt. Det gjeld ikkje berre hudfarge, men au høgd og ansiktstrekk, til dømes.

Andre folkegrupper er ikkje synleg ulike kvarandre, men ser kvarandre likevel som svært ulike, avspråklege,religiøse,kulturelle oghistoriske grunnar. For å ha eit omgrep om slike folkegrupper og skilnadene mellom dei, kan ein bruke nemninga etnisk. Inndelinga i etniske grupper legg meir vekt påkultur og eiga oppfatting av tilhøyrsle, samstundes som dei gjerne er mykje mindre enn rasegruppene.

Verdsetjing av etnisitet

[endre |endre wikiteksten]

Medan etniske minoritetsgrupper først blei sedde på som eit trugsmål mot nasjonalstaten, har dei i mange land fått heva statusen sin og vunne rettar til å leva ut sin eigen kultur. Dette gjeld mellom annasamar i Norden, som frå å bli prøvd assimilerte av storsamfunnet fekk rett til å hevda sin eigen kultur.

Mange stader blir likevel etniske grupper med mindre makt diskriminerte eller undertrykte. Dette gjeld mellom annakurdarar, særleg iTyrkia, ogsigøynarar iAust-Europa.

Etniske konfliktar

[endre |endre wikiteksten]

Gjennom tidene har det vore mange etniske konfliktar, som regel mellom folkegrupper som lever tett saman og har små kulturforskjellar, ikkje mellom land med totalt ulike kulturar som ein kanskje ville trudd.

Storbritannia

[endre |endre wikiteksten]

I Storbritannia har konflikten ei etnisk side som veldig forenkla dreiar seg om religion. Sjølv om det ikkje er nokon stor forskjell kulturelt, serprotestantar ogkatolikkar seg som ulike «samfunn» (communities). Men hovudsaka i konflikten erhistorisk-nasjonal og delvis sosial. Tilfeldigvis var irane katolikkar medan britane vart protestantar. DåIrland blei underlagtStorbritannia med valdsmakt, blei den nasjonale konflikten også religiøs. Det er framhaldet av denne nasjonale konflikten vi ser i Nord-Irland i dag, med religiøst definerte etniske grupper på kvar si side, noko som synest gjera han endå meir hatefull og endå vanskelegare å løysa.

Sri Lanka

[endre |endre wikiteksten]

Dagens borgarkrig påSri Lanka har utspring i ein langvarig etnisk konflikt mellomsinhalesarar ogtamilar. Hatet mellom dei to folkegruppene tok til underkolonitida, då det tamilske mindretalet blei favorisert av britane. Då landet fekksjølvstende og sinhalesarane tok makta ønskte dei å straffa tamilane for det dei oppfatta som mange år med urettvise. Dei nekta f.eks. tamilane å prata sitt eige språk eller engelsk i mange jobbar. Og sidan tamilsk og singalesisk er lika forskjellig som norsk og russisk så skapte det store problem for tamilar som ville behalda jobbane sine.

Etter kvart som konflikten har eskalert har dei to gruppene prøvd å visa at deira gruppe var den første til å bu på Sri Lanka og dermed er dei opphavlege innbyggjarane av øya. Det at folka hovudsakleg høyrer til to religionar,buddhismen oghinduismen, og snakkar språk frå to ulike språkfamiliar, blir bruka som argumentasjon i konflikten.


Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Etnisitet&oldid=2806744»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp