Estisk er offisielt språk i RepublikkenEstland, og er nest etterislandsk det minste språket som fungerer som hovudspråk i ein sjølvstendig nasjonalstat.
Estisk blir delt inn i åtte ulikedialektar, også innanfor kvar dialekt er det regionale skilnader. Gjennomliveigenskap ogstavnsband var dei estiske bøndene bunde tilkyrkjesoknet sitt. Språket til den mobile overklassa vartysk, til ein viss gradrussisk ogsvensk, og det estiske språket utvikla seg dermed til svært skilde dialektar. Den største språklege skilnaden går mellom sørestisk og nordestisk, etter eit administrativt skilje mellom den nordlege delen av språkområdet underlagtTallinn, og den sørlege delen, medTartu som senter, i lange periodar underlagtLatvia. Kvar hovudgruppe er delt inn i undergrupper, og i tillegg kjem kyst- og øyestisk. Ein sørestisk dialekt skil seg så mykje frå dei andre dialektane at det er mogleg å argumentere for at det er eit eige språk,Võrumålet.
Somkasusspråk har estisk relativt fri ordstilling, men den vanlegaste ordstillinga i heilsetningar er i likskap mednorsk SVO. Som einaste uralske språk har estisk subjekt-verb-inversjon. På same måten som i norsk heiter detEile läks Peeter Pärnusse, «I-går drog Peeter til-Pärnu», der det på finsk vil heiteEilen Peeter lähti Pärnuun «I-går Peeter drog til-Pärnu». Dette fenomenet er lånt frå germansk, og døme på eitSprachbund-fenomen.
Sjølv om basisordforrådet utan tvil er finsk-ugrisk, har estisk lånt svært mykje fråindoeuropeiske språk, både når det gjeld ordstammer, «omsetjingslån», idiomatiske uttrykk og til ein viss grad syntaks. Særleg har estisk i likskap med deiskandinaviske språka mange lånord frå lågtysk.
Estisk var i mange hundre år sterkt påverka avtysk, men gjekk gjennom ein periode med sterk purisme i andre halvdel av 1800-talet. Purismen var inspirert av tilsvarande diskusjonar iFinland, og mange tyske lånord vart erstatta med estiske ord, også med omsetjingslån fråfinsk.
Estisk blir skrive med det latinske alfabetet med ein del tilleggsbokstavar:Aa, Bb, Cc, Dd, Ee, Ff, Gg, Hh, Ii, Jj, Kk, Ll, Mm, Nn, Oo, Pp, Qq, Rr, Ss, Šš, Zz, Žž, Tt, Uu, Vv, Ww, Õõ, Ää, Öö, Üü, Xx, Yy. Av desse blirf, š, z, ž, c, q, w, x, y brukt berre ilånord.
Det estiske sjølvstendet i1919 førte til at estisk for første gong vart statsberande språk. Under den sovjetiske perioden var estisk, etter prinsippa iden sovjetiske språkpolitikken, offisielt språk iden estiske sosialistiske rådsrepublikken. Estarane hadde heile skolegangen sin, inkludert høgare utdanning, på estisk, men doktorgradar måtte bli skrive på russisk, eller i det minste ha eit såkallaautoreferat (eit kort samandrag) på russisk. Russiskspråklege sovjetborgarar var som regel einspråklege i russisk.