Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Estisk fonologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Estisk fonologi er lydsystemet ellerfonologien iestisk.

Segmental fonologi

[endre |endre wikiteksten]

Vokalar

[endre |endre wikiteksten]

Estisk har ni vokalar:

Fremre Bakrei ü      ue ö    õ oä        a

Vokalsystemet er det same som t.d. finsk eller tysk, men i tillegg har estisk ein bakre, urunda vokal õ (med tungestillinga tilo og leppestillinga tile). Vokalane kan vere lange eller korte, og dei kan danne diftongar.

Konsonantar

[endre |endre wikiteksten]

Estisk har 17konsonantfonem, som alle kan vere kort eller lang.

Konsonantar i estisk
 bilabiallabio-
dental
alveolaralveolar
palatalisert
post-
alveolar
palatalvelaruvular
Plosivarp t  k 
Nasalarm n    
Vibrantar  r     
Frikativar fvsʃ  h
Approksimantar     j  
Laterale  l    

Kjelde:SAMPA for estisk

Konsonantanen, t, s, l harpalataliserte versjonar. Dei palataliserte konsonantane opptrer framfori ellerj, evt. der det har ståtti ellerj tidlegare. Eit døme erpalk 'bjelke' (finsk palkki) vs.palk 'lønn' (finsk palkka) med palatalisertl, i-en står i genitivformapalgi .

Fonotaks

[endre |endre wikiteksten]

Trykklette stavingar kan innehalde berre korte vokalar, og berre vokalanea, e, i, u og (i namn og lånord) o. Vokalaneä, ö, ü opptrer ikkje i trykklette stavingar, og estisk har, til skilnad frå finsk, ikkjevokalharmoni (jf. estisk/finskhäda/hätä «naud»,söövad/syövät «dei et»,töötu/työtön «arbeidslaus»). (det finst vokalharmoni i sørestisk).

Kvantitet

[endre |endre wikiteksten]

Kvantitetssystemet er meir komplisert enn i finsk; I staden for eit system med korte og lange lydar er det her mogleg å identifisere tre lengdegradar. Dei lange lydane (eller stavingane) kan vere halvlange eller overlange. Overlang staving kan historisk sett bli sett på som kompensatorisk forlenging, slike stavingar opptrer ofte i tilfelle der stavingstalet i ordet er redusert. Overlengd blir ikkje markert i ortografien (bortsett frå lukkelydar, der halvlang blir skrive med einskild konsonant og overlang med dobbel), i språkvitskaplege framstillingar blir det ofte brukt grav aksent (`). Ordetmetsa, som er genitiv avmets («skog») blir uttalt kortare ennillativformametsa (`metsa) «inn i skogen», illativforma var opphavleg trestava*metsähän.

Skilnadene mellom estisk og finsk fonologi er systematiske; finsk representerer som regel eit eldre språksteg, mens i estisk har trykklette vokalar eller heile stavingar falle bort, jf. estisk-finske par sommetsmetsä («skog»),teravterävä («kvass»),tütredtyttäret («døtrer»),laevaslaivassa («på båten»).

Stadieveksling

[endre |endre wikiteksten]

Estisk har, på same måten som dei flestesamiske ogaustersjøfinske språk,stadieveksling. Stadieveksling oppfører seg i prinsipp på same måten i alle desse språka, og opptrer i grove trekk i dei same delane av grammatikken i alle språka.


Ikkje omsett: Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett frå estisk enno. Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!


Trykk

[endre |endre wikiteksten]

Trykket i estisk fell på første stavinga. Til skilnad frå finsk er denne regelen ikkje absolutt: I visse lånord fell trykket på stavingar lenger ut i ordet.

Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Estisk_fonologi&oldid=3352253»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp