Essonne er eitdepartementet nord i sentrale delarFrankrike. Departementet ligg iregionenÎle-de-France, og er kalla opp etterelva med same namn.
Essonne vart oppretta då det tidlegare departementetSeine-et-Oise vart delt opp1. januar1968, og utgjer den sørlege delen av det gamle departementet.
I 1969 vartkommunaneChâteaufort ogToussus-le-Noble skild frå Essonne og lagt til departementetYvelines.
Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France og grensar til departementaHauts-de-Seine ogVal-de-Marne i nord,Seine-et-Marne i aust,Loiret i sør ogEure-et-Loir ogYvelines i vest.
Dei nordlege områda av departementet ligg nær storbyområdet tilParis og er svært urbanisert. Dei sørlege områda er meir landlege.
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kallaEssonniens.
Dei størstekommunane (meir enn 25 000 innbyggjarar etter ei folketeljing i 1999) er:Évry,Corbeil-Essonnes,Massy,Savigny-sur-Orge,Sainte-Geneviève-des-Bois,Viry-Châtillon,Athis-Mons,Palaiseau,Draveil,Yerres,Les Ulis ogVigneux-sur-Seine.Milly-la-Forêt er eit døme på ein meir landleg kommune.

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Essonne