Eitessay er ei tekst som utfordrar kjende førestillingar eller aktuelle saker. Orda essay kjem frå detfranske «essai» (forsøk) eller «essay» (freiste). Sjangeren fekk namnet sitt fråEssais, ei bok som den franske forfattarenMichel de Montaigne gav ut i1580. Essay-sjangeren i fransk og norsk tradisjon skil seg frå det engelske essayet (som liknar meir på ein norsk skuleartikkel). Det norske essayet prøver ut ein original tanke eller ein spesiell synsvinkel på ei sak, men handsamar temaet sakleg. I motsetnad tilartikkelen treng likevel ikkje essayet å sjå saka frå så mange sider, men ein kan velje å forsvare ein subjektiv meining einsidig. Som regel er norske essay underhaldande og utfordrande i stilen, sjølv om setningane er fullstendige. Medankåseriet gjerne er munnleg i forma ogironiserande i innhaldet, er essayet skriftleg i forma og meir direktefilosoferande i innhaldet. Difor har det norske essayet meir til felles med kronikkane til avisene, enn dei humoristiske radiokåseria.