Erm ellererme (norrøntermr, avarm) er den delen av eitklesplagg som omgjev heile eller delar av armen.[1][2] Ein kan ha erme pågenserar,skjorter,kjolar,jakker og mange andre plagg som dekker overkroppen. Dei fleste erme er festa til slike plagg, men det finst også lauserme som kan festast nede på armen. Lengda, vidda og fasongen til erme, og måten dei eventuelt blir festa til ermeholet på, varierer mykje medmoten.
Erme kan vera lange eller korte, vida og luftige eller ettersitjande og tronge. Dei kan såvidt dekkja skuldrene, stoppa ulike stader på armen, eller i nokre høve gå langt forbi handleddet. Dei kan stå glatt eller ha innsnitt, rynkar eller kilar og legg. I staden for påsydde erme kan ein laga dei ved å klippa til for- og bakstykket i ein enkel fasong med liv og erme i eitt og så sy tøystykka saman som for- og bakstykke.Raglanerme dekker heile skulderpartiet og blir sydd til for- og bakstykket på plagget utan ermehol.
Erme kan avsluttast nedst med til dømes vanleg fald, oppslag (tilbakebretta ende),[3] linning (folda, forsterka kant omkring opninga) ellermansjettar (brei, glatt linning eller krage kring handleddet),[4] eventuelt med splitt[5] og knappar.
Påstrikkeplagg blir erma sydd eller strikka til bolen (delen rundt overkroppen).[6][7]
Ermetype og skildring | Bilde | |
---|---|---|
3/4-langt erme dekkjer tre fjerdedelar av armen, og endar på midten av underarmen. | ![]() | ![]() |
Ballongerme er vide erme som blir samla ved olbogen.[10] | ![]() | ![]() |
Engageanterme er undererme med rekkjer av påsyddeblonder | ![]() | ![]() |
Flaggermuserme er klippa i eitt saman med resten av plagget og heng vidt i ei slags vengeform | ![]() | ![]() |
Furisode er ein typekimono med ekstra vide erme som berre er feste til resten av drakta ved armhola. Namnet tyder 'svingande erme'. | ![]() | ![]() |
Hengeerme heng ope vidt ned frå olbogen | ![]() | ![]() |
Kappeerme er korte erme som dekker skuldera som ei kappe, men har lite eller inkje stoff under armen. | ![]() | ![]() |
Kimonoerme blir klipt til i eitt med den øvre delen av plagget[11][12] som påtradisjonelle kinesiske klede.Kimonoar har som regel erme laga av eigne tøystykke, ikkje kimonoerme. | ![]() | |
Kort erme stoppar eit stykke oppe på overarmen. | ![]() | ![]() |
Langt erme går heilt ned til handleddet. | ![]() | |
Olbogeerme er lange nok til å nåolbogen, men rekk ikkje over han. | ![]() | |
Overtrekkserme er eit laust erme som kan trekkjast over eit anna for å verna plagget mot slitasje og søl | ![]() | |
Pagodeerme er traktforma, og var populært på 1860-talet medvolangar (kappeforma pynt) over eit falsk undererme ellerengageanterme. | ![]() | ![]() |
Poseerme vidar seg ut til ein pose og smalnar inn att ved enden, vanlegvis handleddet. Ein kan også kalla slike ermebiskoperme. | ![]() | ![]() |
Pufferme har utposingar med rynkar over og under | ![]() | ![]() |
Raglanerme er eit langt eller kort erme som skrår innover i rette linjer opp mot halskanten på plagget og blir sydd fast utan ermehol. Ermesnittet blir ofte brukt på fritids- eller sportsplagg[13] | ![]() | ![]() |
Skinkeerme er ekstremt vidt rundt overarmen og smalt frå olbogen til handleddet. Det blir kalla «lammelår» på fransk (gigot) og engelsk (leg-of-mutton sleeve) | ![]() | ![]() |
Sommarfuglerme er nokså korte erme som vidar seg mykje ut mot enden. Ifilippinsk drakttradisjon finst ei utgåve der ein stivar dei oppover i spissar. | ![]() | |
Trompeterme skrånar ut i større vidde nedst | ![]() | |
Vasserme er eit sterkt forlenga erme brukt ikinesisk dans (hovudsaklegkinesisk opera) ogkoreansk kultur. Det kan vera eit lauserme som ein festar rundt handleddet og som går ut over handa. | ![]() | ![]() |