Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Erlangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erlangen
by
Våpenskjold
Land Tyskland
StatBayern
RegionMittelfranken
LandkreisKreisfri by
Del avNuremberg Metropolitan Region, Stimmkreis Erlangen-Stadt
Høgd280 m
Areal76,96 km²
Folketal 117 806(31. desember 2023)
Først nemnd i1002
Postnummer91001-91058
Retningsnummer09131
BilnummerER
Kart
Erlangen
49°35′47″N11°00′16″E / 49.596388888889°N 11.004444444444°E /49.596388888889; 11.004444444444
Wikimedia Commons: Erlangen

Erlangen er ein by iTyskland idelstatenBayern med om lag 120 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elvaRegnitz iregionenMittelfranken, like i nærleiken avFürth ogNürnberg, som saman med med nokre mindre byar, dannar byområdet Mittelfranken, som er ein av 23 slike «store senter» i Bayern, og eit av 11 tyske storbyområde.

Friedrich-Alexander-Universität er viktig for byen, som òg har fleire filialar avSiemens AG. Ei hending som framleis påverkar byen er busetnadane tilhugenottane som flytta til byen etterediktet i Nantes i 1685.

Erlangen i 1916.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Erlangen vart først nemnd offisielt i 1002 med namnet «Villa Erlangon». I 1361 vart landsbyen seld til keisarKarl IV. Tre år seinare vart det bygd ein by nær landsbyen, som i 1374 fekk rettar til å prege sine eigne myntar. I 1398 fekk Erlangen byrettar og i 1402 hamna byen underHohenzollern som ein del av fyrstedømet Brandenburg-Kulmbach (frå 1603 kallaBayreuth) fram til 1806. Erlangen var hovudstad i det såkalla Unterland i fyrstedømet. Etter fire år medfransk okkupasjon vart han til slutt ein del avKongedømet Bayern i lag med resten av fyrstedømet.

I 1686 kom dei første franske hugenottane til Erlangen. Greven av Beyreuth, Christian Ernst, bygde ein «ny by» (Neustadt) for dei. I 1706 vart gamlebyen nesten heilt øydelagd av ein brann, men raskt gjenoppbygd. I 1812 vart den gamle og nye byen slått saman.

I 1742 grunnla grev Friedrich av Bayreuth universitetet i residensbyen Bayreuth, men på grunn av opprørske studentar vart universitetet flytta til Erlangen. Seinare fekk det namnet Friedrich-Alexander-Universität og vart eitprøyssisk universitet. Kjende studentar på denne tida varJohann Ludwig Tieck ogWilhelm Heinrich Wackenroder.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Erlangen
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Erlangen&oldid=3598099»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp