Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Eritrea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre]
ሃግሬ ኤርትራ
Hagere Ertra

(norsk: Eritrea, eritreisk)

Det eritreiske flaggetDet eritreiske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Ertra, Ertra, Ertra»
MottoHar ikkje
Geografisk plassering av Eritrea
Offisielle språkTigrinja,arabisk ogengelsk
HovudstadAsmara
Styresett
Republikk
Isaias Afewerki
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
117 600 km² (100.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
5 918 919 (105.)
4 298 269
50,3 /km² (123.)
Sjølvstende
fråEtiopia
24. mai1993
Nasjonaldag24. mai
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
7 938mill.USD (156.)
1 300USD (189.)
ValutaNakfa
TidssoneUTC +3
Telefonkode+291
Toppnivådomene.er


Eritrea er ein stat i nordaustAfrika. Landet har kyst motRaudehavet i aust og grense motSudan i nord og vest og motEtiopia ogDjibouti i sør. Eritrea er rekna som eitt av dei minst utvikla landa i verda.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Satellittbilete over Eritrea, frå mai 2003
Kart over Eritrea

Eritrea ligg vedAfrikas horn og grensar imotRaudehavet i nord og nord-aust. Utanfor kysten liggDahlakøyene. Det høgaste fjellet erSoira i sentrale Eritrea, 3 018 meter over havet.

Høglandet i nord er ein del av det nordetiopiske platået ellerDet etiopiske høglandet. Platået går her nesten heilt ut til kysten av Raudehavet. Langs den nordlege delen av kysten er det ei smal stripe sletteland før fjella reiser seg nesten loddrett opp til platået.

Dei største byane er hovudstadenAsmara, hamnebyenAssab i sør-aust, og byaneKeren ogMassawa.

Utanfor kysten er det fleire øyar, mellom annaDahlak-arkipelet ogHanishøyane ogkorallrev.

Låglandet i sør er ein del avDanakilørkenen, som til dels ligg under nivået til havet. Einskilde høgare parti finst i innlandet i sør.

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Klimaet i dei vestlege høgdedraga er forfriskande med kjølige vind og om lag 1150 mm nedbør kvart år, i tillegg til ein god del sol og små endringar i temperaturen gjennom året.

Denakilørkenen dekker derimot det meste av kysten og den sørlege delen av landet, og er ein av dei varmaste stadane på jorda, og temperaturen kan tidvis stige opp til nesten 50 °C. I tillegg er det i praksis ikkje nokoregn her.

Regionar

[endre |endre wikiteksten]

Eritrea er delt inn i 6 regionar:

  • Sentral
  • Anseba
  • Sørlege Raudehavet
  • Nordlege Raudehavet
  • Sør
  • Gash-Barka

Geologi

[endre |endre wikiteksten]

Berggrunnen i Eritrea består avprekambriskebergartar som vart deformert underden panafrikanske orogenesen ogintrudert avgranitt i byrjinga avpaleozoikum. Det var omfattandeforkastingsaktivitet ved danninga av Raudehavet ioligocen- ogmiocen-tida.

Eritrea har rike førekomstar avgull,kopar ogsink. Utanfor kysten finst førekomstar avolje oggass.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Medlemmar
Observatørar
Suspendert
Spire
Dennegeografiartikkelen som har medAfrika ogEritrea å gjere, er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Eritrea&oldid=3552040»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp