Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Eravati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over elva og vasstilførselen hennar.

Eravati (burmesisk ဧရာဝတီ), eng.Ayeyarwaddy, tidlegareIrrawaddy, er den størsteelva iBurma, og har lenge vore viktig fortransport ogjordbruk. Ho har utspring like nord for den burmesisk-kinesiske grensa i deitibetanske fjella før ho flyt gjennom dei sentrale delane av Burma og renn ut iAndamanhavet i eit niarmaelvedelta.

Elva og den ufullførtestupaen vedMingun.

Geografi og ferdsel

[endre |endre wikiteksten]

Eravati er rundt 2 170 km lang og bekkenet har ei flatevidd på rundt 411 000 km².

Vatn frå elva blir brukt tilirrigasjon, særleg i dei sentrale delane av Burma, der nedbørsmengden er liten. Ho er òg den viktigastevassvegen i landet, og var lenge den einaste transportvegen inn i landet. Underkolonitida var Eravati kjend somvegen tilMandalay, den viktigaste ferdselsåra frå havet til den kongelege hovudstaden. Store skip kan følgja elva 1600 km innover tilMyitkyina, deretter gjer storesandbanker ogøyar navigasjonen vanskeleg. I dag tek mangeturistar cruiseturar langs elva. I mange år var det berre eibru som kryssa elva,Inwabrua.

Namnesoge

[endre |endre wikiteksten]

NamnetEravati erpali og kjem sannsynlegvis fråsanskrit «airavati», som er namnet til gudenIndra sinelefant. Namnet blei òg brukt om ei mytologisk elv ihinduismen, og er blitt kopla til den moderneelva Ravi.

Elva har gjeve namn tilirrawaddydelfinen,Orcaella brevirostris, som mellom anna held seg her. TidsskriftetThe Irrawaddy har òg teke namnet sitt frå elva.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Eravati&oldid=3413491»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp