Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Eoin Colfer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eoin Colfer (fødd 14. mai 1965) er einirskbarnebokforfattar. Han er mest kjend for å ha skrive serien omArtemis Fowl.

Liv

[endre |endre wikiteksten]

Eoin Colfer voks opp iWexford, ein liten by ved sørkysten avIrland, saman med sine fire brør. Faren hans var ein barneskulelærer, artist og historikar. Mora hans var dramalærar. På barneskulen oppdaga han at han likte å skrive historier. Han teikna teikningar til det han skreiv. Han laga og skodespel. Mest om vikingane, der han bruka venane sine i historiene, og var sjølv helten. Venane var ikkje imponert, for historiene var brutale, og det var berre helten som overlevde.

I 1986 vart han barneskulelærar, slik som sin far. Sjølv om han no var lærar, fortsette han med skrivinga si på fritid. I 1991 gifta han seg med Jackie, som han møtte i sitt femte år på universitetet.

Bøker

[endre |endre wikiteksten]

I 1998 gav Colfer ut si fyrste bokBenny og Omar som vart ein bestseljar i Irland, men det var fyrst då han skreivArtemis Fowl han vart kjend på internasjonalt nivå. Boka vart umiddelbart ein internasjonal suksess. Boka vart nominert tilWithbread-prisen for årets beste barnebok, og skal nå verte film. Sjølv beskriv Eoin Colfer Artemis Fowl-bøkene som "Die Hard i alveland".

  • Benny & Omar (1998) - ikkje omsett til norsk
  • Benny & Babe (1999) - ikkje omsett
  • Going Potty (1999) - ikkje omsett
  • Ed's Funny feet (2000) - ikkje omsett
  • Ed's bed (2001) - ikkje omsett
  • Artemis Fowl (2001)
  • Artemis Fowl - Operasjon Arktis (2002)
  • Artemis Fowl - Evighetskoden (2003)
  • Artemis Fowl - Arkivet (2004)
  • Artemis Fowl - Opalbedraget (2005)
  • Artemis Fowl - Den tapte kolonien(2007)
  • Ønskelisten (2000)
  • Historien om Potet-Isaksen (2004)
  • Kaptein Kråkes hevn (2006)
  • Parasittjegeren (2004, norsk 2006)
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Eoin_Colfer&oldid=3231378»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp