Enzym er enkle eller samansetteprotein somfortnar kjemiske prosessar, særleg ilevande vesen, utan sjølv å bli påverka. Enzym speler ei avgjerande rolle i livsprosessane. Nesten allecelleprosessane treng enzym for å kunna gå føre seg i det omfanget som trengst.
Namnet enzym tyder eigentleg «igjær», men blir i dag brukt om biologiske katalysatorar i alle slags organismar.
Ofte kan ein lavmolekylær del, koenzymet, skiljast frå ein proteindel, apoenzymet, og desse utgjer saman i laus sambinding det aktive enzymet. Ein skil mellom tre hovudgrupper av enzym:
- Spaltande, som spaltar under medverknad av vatn og fosforsyre.
- Transporterande, som overfører oksygen, hydrogen eller elektron
- Isomerasar, som omdannar einisomer til ein annan.