Enkjer | |
![]() Dominikanarenkje,Vidua macroura Foto: Doug Janson | |
Systematikk | |
Rike: | DyrAnimalia |
Rekkje: | RyggstrengdyrChordata |
Underrekkje: | VirveldyrVertebrata |
Klasse: | FuglarAves |
Orden: | SporvefuglarPasseriformes |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Passeroidea |
Familie: | EnkjerViduidae |
Enkjer er einbiologisk familie, Viduidae, av 20artar småsporvefuglar, alleendemiske forAfrika.
Desse finkeliknande artane har eifjørdrakt som vanlegvis er dominert av svart eller indigo. Hannar av ni av artane har lang eller særs lang hale i praktdrakta.
Alle enkjer er reirparasittar som legg egga sine i fuglereira til artar avastrildar. Dei fleste brukaramarantar som vertar, medan somme velpytilias-astrildar. I motsetnad tilgauken, øydelegg ikkje enkjer egga til verten. Vanlegvis legg dei 2-4 egg i tillegg til dei som allereie er i reiret. Egga av både vert og offeret er kvite, sjølv om enkjeegga er litt større.
Mange av artane der hannar er utan lang hale er mykje like i utsjånad. Hannane er vanskelege å skilje i felt, og ungfuglar og hofuglar nær umoglege. Den beste rettleiinga er ofte astrildarten som dei er knytt til, sidan kvar art av enkjer parasitterer ein bestemt vertsart. Til dømes villandsbyenkje vanlegvis parasittereraudnebbamarant. Enkjer imiterer verten sinsong, songen lærer hannane i reiret. Sjølv om hoer ikkje syng, lærer dei òg å kjenne att songen, vel hannar med same song, og vidarefører dermed koplinga mellom enkjeart og astrildart. Ungar av enkjer etterliknar vertsungane sin måte å gape på.
Tilpassing til vertsfuglen er drivkrafta bak artsdanning i denne familien, men den nære genetiske og morfologiske likskapen mellom artane i enkjefamilien tyder på at dei er av nyare opphav.
Enkjer i rekkjefølgje etterClementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etterNorske navn på verdens fugler.[2]
SlektVidua
SlektAnomalospiza