EN: engelsk symbolisert ved språkkodenISO 639-1Engelsk i verda. Land der det er offisielt språk er markerte med blått, dei der det er eit offisielt men ikkje hovudspråk med turkis.
Engelsk er eitindoeuropeisk språk på dengermanske språkgreina, eitvestgermansk,angelsaksisk språk. Engelsk er etterkomar av språket til dei germanske stammane som utvandra frå område i dagens Sør-Danmark og Nord-Tyskland på 400-talet. Språket med nærast slektskap til engelsk på kontinentet i dag erfrisisk, som framleis blir tala av somme i desse områda og i delar av Nederland.
Engelsk er blitt ein del påverka av andre språk, særleg nordiske språk ivikingtida, og deretterfransk. Frå om lag år 800 hadde både norske og danske vikingar mykje aktivitet pådei britiske øyane. Dei røva sjølvsagt, men mange slo seg etter kvart ned og blei bønder og handelsfolk. Fleire byar er grunnlagde av nordmenn, mellom deiYork (Jorvik) iYorkshire i nordaust-England ogDublin iIrland.
Gammalengelsk ognorrønt var såpass nært beslekta at nordmenn og engelskmenn kunne skjønne kvarandre, og med stadig meir samkvem blei engelsken etter kvart påverka. Engelsk tok opp i seg ikkje berre substantiv somfellow (felag) ogbitch (bikkje), for å nemne eit par av dei, men jamvel dei personlege pronomena i tredje person fleirtal,they (dei),them (dem) ogtheir (deira).
Men i1066 erobra fransktalande normannarar (fråNormandie) England, og etablerte seg som herskande klasse i landet. Ein kan seie at fransk var offisielt språk i England dei neste par hundre åra. Det har sjølvsagt også påverka det engelske språket mykje, særleg fekk det mange nye substantiv, mange av dei knytte til makt, landsstyring og slikt (government,army). Men somtid forsvann ikkje det germanske ordet sjølv om eit fransk eit kom inn, slik at ein fekk desse typiske ord-para i engelsk, der to ord anten betyr det same (freedom ogliberty) eller heng ihop utan å bety det same (somsheep for dyret ogmutton for kjøtet).
Engelsk talemål har endra seg mykje oppgjennom tida, men ikkje skrivemåten så mykje. Derfor er det til dels svært stor skilnad på skrivemåte og uttale av engelske ord. Eit døme kan vere ordetknight, uttala /nait/ i moderne engelsk, men skrive slik fordi det ein gong blei uttala ikkje ulikt det tyske ordetKnecht eller det norskeknekt. Det meste av uttaleendringane (The Great Vowel Shift, osv.) i sørengelske dialektar skjedde førWilliam Shakespeare si tid, som er periodenEarly Modern English (frå1500-talet). Dette er parallelt til atnorsk språk går inn i dennynorske perioden om lag samtidig.
Uttaleendringar sidan da er stort sett bortfall av uttala r i somme posisjonar i Søraust-England og i det standardiserte munnlege elitespråket som utvikla seg i overklassen i og rundt London. Denne svært tronge talemålsnorma utvikla seg på 1800-talet, og har halde seg som standard britisk uttale til denne dag under namnetReceived Pronunciation (RP), som kanskje kan omsetjast med "godt mottatt uttale", også kallaThe Queen's English. Veldig få har denne uttalen naturleg, han er sosialt sett svært snever, men har framleis stor prestisje i Storbritannia.
I andre engelsktalande land er forholda med omsyn til dette annleis. Iallfall gjeld detNord-Amerika, der den amerikanske uttalen som utvikla seg generelt sett har halde på mange av dei trekka som britisk standarduttale har forlate, til dømes blir r uttala overalt der han eigentleg finst i den nordamerikanske standarduttalenGeneral American (GA). Denne talemålsnorma er mykje breiare (og såleis meirdemokratisk) enn den britiske, bådegeografisk og sosialt. Nokre få ord blir også skrivne annleis i amerikansk enn i britisk engelsk. Da er det snakk om ei forenkling, såleis til dømeslabor forlabour,check forcheque, osv. Slik er amerikansk engelsk på ein måte både meir «gammaldags» sidan han har endra seg mindre sidan 16-1700-talet enn britisk standarduttale, og meir "moderne" sidan han har forenkla skrivemåten av ein del ord. Men heller ikkje amerikansk engelsk er i nærheita av å ha så nokolunde samsvar mellom uttale og skrivemåte, slik målet har vore for rettskrivinga iNoreg.
Engelsk er blitt verdsspråket framfor noko anna, sjølv ommandarinkinesisk blir tala av fleire. I alle verdsdelar finst det land der engelsk er morsmålet for mange eller dei fleste av innbyggjarane, i tillegg kjem det at engelsk er det andre språket for mange tospråklege menneske i land der engelsk er eitt av fleire offisielle språk. Dessutan er engelsk det fyrste framandspråket i mange land, som til dømes i Noreg. Det er vanleg å kopla denne dominansen opp mot maktstrukturar. DaElisabeth I var britisk dronning, blei engelsk forstått og tala av berre nokre få millionar menneske på dei britiske øyane (og ikkje av alle der heller; mange talakeltisk eller angelsaksiskskotsk). Dette endra seg dåDet britiske imperiet oppstod, som hadde koloniar i alle hjørne av verda. Denne sterke påverknaden har vara fram til i dag, og er minst like sterk i dag. Engelsk påverknad er ofte særleg synleg i kulturuttrykk av ymse slag, så som musikk, film og fjernsynsprogram. Eitt område som er særskilt dominert av engelsk er datateknologien, der engelsk var om lag einerådande i fleirfaldige tiår. Det blir arbeidd med å betra denne situasjonen, men det står framleis mykje att før heile datasystem som til dømesNetBSD,Microsoft Windows ellerSolaris blir tilgjengelege på andre språk enn engelsk. Mange samanliknar stillinga engelsk held i dag med den latin hadde i forskingslivet fram til om lag på 1800-talet, og det er vanskeleg å førestella seg at posisjonen til språket vil bli nemneverdig svekt med det fyrste.