Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Emo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Emo tyder emosjonell, og omgrepet blir ofte nytta for å beskriva gitarbasertalternativ rock der relasjonar og personlege kjensler dominerer tekstane. Omgrepet byrja å bli nytta på midten av1980-talet, og då omhardcore-bandetRites of Spring.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Den opphavlege emoen oppstod innan sjangranepostpunk og hardcore på midten av 1980-talet, og ein nytta også omgrepaEmotional Hardcore elleremocore. Andre tidlege band som blir rekna som innverknadsrike innan sjangeren erGray Matter,Ignition,Shudder to Think,Fugazi ogEmbrace.

På nittitalet voks det fram nye band som dels kom til å omdefinera omgrepet. Band somSunny Day Real Estate,Elliott,The Promise Ring ogGet Up Kids heldt eit lågare tempo, men hadde same klangbilde og tematikk i tekstane.

På andre halvdel av1990-talet og byrjinga av2000-talet har band somMy Chemical Romance,Dashboard Confessional,Taking Back Sunday og ikkje minstWeezer ført til eit større komersielt gjennombrot for sjangeren. Grensene mellom deira emo og pop- og rockmusikk elles har blitt viska ut, og har gjort at omgrepet i dag nesten heilt manglar ein klar definisjon.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
    Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2024
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Emo&oldid=3525511»
    Kategoriar:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2025 Movatter.jp