Tarn renn gjennom følgjandedepartement og byar:
Viaduc de Millau, den høgaste brua i verda, langs motorvegenA75 kryssar Tarnkløfta nær Millau. Ho opna i desember 2004.
Tarn er, i lag medDonau, kjend for å ha skapt nokre av dei størsteflaumane iEuropa. Den mest vidkjende skjedde i mars1930. Då steig Tarn med meir enn 17 meter over normalt vassnivå iMontauban på berre 24 timar, og fekk ei vassføring på 7 000 m³/s (middelvassføringa iRhinen er 2 200 m³/s, iNilen var middelvassføringa under den årlege flaumen 8 500 m³/s førAswandemningen vart bygd og iMississippielva 16 200 m³/s). Ein tredjedel av departementetTarn-et-Garonne vart råka og om lag 300 menneske mista livet. Tusenvis av hus vart øydelagde, dei lågare distrikta i Montauban vart øydelagde, og nesten heile byenMoissac forsvann.