Elfenbein skore ut til hole kuler inni kvarandre.Tverrsnitt av støyttanna til einmammut.
Elfenbein (no sjeldan:filsbein) er eit naturmateriale som kjem fråstøyttennene tilelefantar. Det er sterkt, men kan også skjerast til. Materialet er danna avtannbein (ein typedentin), og finst også hjå andre dyr. Elfenbein har lenge vore eit etterspurt materiale som har vore brukt i mellom anna kunst og nyttegjenstandar. Etterspurnaden etter materialet har ført tilelefantjakt og feire stader ført til store nedgangar i dyretal.
Elfenbein er finkorna og hardt, men elastisk. Fargen erkvitleg, mengulnar med tida. Støyttennene til elefantar er svakt krumma og hole i den tjukkaste enden. Dei har eit årringliknande mønster, «schregerske linjer», som ein kan sjå i tverrsnitt og på tilverka elfenbein.
Tannbein frå alle typar dyr har liknande samansetjing, men støyttennene til elefantar skil seg ut gjennom storleiken. Tennene frå hanndyr blir størst, opptil 2 m lange og 30–90 kg. Andre dyr ein også bruker tannmaterialet til på same måte som elfenbein er mellom annaflodhest,kvalross,spermkval,narkval,spekkhoggar ogvortesvin.
Historisk har elfenbein vore nytta til å laga bruksting, men framfor alt til pynt og kunstverk. Det er funne tilverkingar av elfenbein fråmammut fråCro Magnon-menneske som levde ved slutten avsiste istida, og frå andresteinalderkulturar. Det er gjort fleire arkeologiske funn av enklevåpen ogamulettar som er opp mot 7 000 år gamle, særleg iKina. Dei eldste funna av tilverka elfenbein fråThailand, eit settsmykkeperler, er 5 500 år gamle. Seinare laga einkammar,armringar og anna kunst.[1] Også dei gamle egyptarane tok i bruk elfenbein til å laga utskorne figurar.
Frå rundt 2 500 år sidan blei elfenbein brukt i større grad også iindisk kunst. Elfenbein fråindiske elefantar blei frakta til Kina frå kongedøme iSøraust-Asia, og vestover langs den nordlegeSilkevegen frå første hundreåret f.Kr.
Ubehandla elfenbein.Elfenbeinsamling frå Aust-Afrika på 1880-talet.Elfenbeinfigurar til sals i Hong Kong i 2010.
Elfenbein er svært verdifullt og kan liknast mededelmetall ogedelsteinar i pris. Materialet kan hentast frå elefantar og mammutar som allereie er daude, men ofte vil ein drepa dyr for å få tak i støyttennene deira. Ein stadig aukande etterspurnad førte til store tap i elefantbestandar, og handel med elfenbein er i dag i stor grad forbode.
I 1950 ugjorde all handel med elfenbein ca. 204tonn. I 1960 var talet kome opp i 412 tonn, i 1970 564 tonn, og i 1980 totalt 966 tonn. Hovudårsaka til aukinga var økonomisk vekst i, og større etterspurnad frå, fleire asiatiske land.
Medan råvareprisen var på mellom 3 og 10 amerikanske dollar per pund (450 g) for støyttenner av asiatisk elefant på 1960-talet, hadde reprisen stige til 50 doller pundet i 1975. Elfenbein frå afrikansk elefant er enda meir ettertrakta, og talet på afrikanske dyr gjekk sterkt tilbake. Storleiken på støyttenner viste også at ein drap stadig yngre dyr. I 1979 vog støyttenner i snitt 10,1 kg, medan i 1987 var vekta nede i 4,9 kg.
Frå januar1986 blei det innført eikvoteordning på handel med elfenbein, med eit genereltamnesti for ulovlege råvarer like før.CITES skulle overvake ordninga, men berre 16 av 35 afrikanske land blei med. På denne tida utgjorde den ulovlege handelen med elfenbein rundt 75-80 % av den totale omsetjinga. Mange land fann også raskt ut at det var nokså enkelt å unngå CITES kontrollordning. Denne var basert på at elfenbein ikkje lenger skulle omsetjast som råmateriale, men kunne omgåast gjennom noko bearbeiding. Kvoteordninga førte til at prisen på elfenbein i 1987 steig til 125 dollar pundet. I 1989 var prisen oppe i over 159 dollar pundet (354 dollar per kilo).
På CITES-møtet iLausanne i oktober 1989 blei det vedteke å setja afrikanske elefantar påCITES-lista overartar det er forbode å driva handel med. På den tida hadde store elefantnasjonar somKenya ogUganda i løpet av perioden 1973-1987 tapt rundt 85 % av den naturlege elefantbestanden, men argumenterte likevel for ei mjukare ordning. Mot stemmane tilZimbabwe,Sør-Afrika,Botswana,Zambia,Malawi ogHong Kong, verdas største importør av ubehandla elfenbein frå 1979 til 1987, blei det vedteke eit totalforbod mot handel som blei iverksett frå 18. januar1990. Forbodet blei sidan re-evaluert under CITES-konferansen iKyoto i1992.
Både før og etter forbodet harkrypskyttarar fortsett å jakta på elfenbein, slik at bestanden av dei berørte dyra er blitt endå mindre. Nokre stader i sørlege Afrika har tala likevel gått opp i ei slik grad at styresmaktene meiner dei er økologiske trugsmål. I2002 tilletSN nokre få land å eksportera fastsette mengder elfenbein.
Plast har allereie erstatta elfenbein i mange nyttegjenstandar. Ein kan også framstilla elfenbeinsyntetisk, eller bruka den hardefrøkviten fråelfenbeinspalme som elfenbein.