Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Elam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Elam (farga raudt) og naboområda. Tilnærma utstrekking i bronsealderen.

Elam var eitoldtidsrike aust forSumer ogAkkad, i det som no erKhuzestan iIran og tilstøytande område i naboprovinsar og sørlegeIrak. Riket varte i rundt tre tusen år, frå ca. 2400 f.Kr. til det blei okkupert avAssyria i646 f.Kr.. Hovudstaden heitteSusa, og ruinane av denne byen liger rundt 35mil aust forBagdad.

Mann med løve. Elamittiske relieff.

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Namnet «Elam» er avleidd fråbibelskhebraisk, og svarer tilsumeriskelam(a) ogakkadiskelamtu. Elamittane kalla seg sjølvehaltamtielamittisk.

IDet gamle Testamentet er elamittane rekna som etterkomarar av Elam, sonen tilSem. Riket deira blei ofte kalla «Susiana» i klassisk litteratur, sjølv om Susiana var ein særskild del av riket.

Språk

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåelamittisk.
Kileskriftinskripsjongammalpersisk,babylonsk ogelamittisk (heilt til høgre).

Elamittisk er ikkje i slekt med deisemittiske,sumeriske ellerindo-europeiske nabospråka. Det er anten rekna som eitisolert språk, eller det blir spekulert i om det er i slekt med deidravidiske språka som no er utbreidde i Sør-India.

Fleire steg av språket er dokumentert. Dei eldste skriftdøma er skrivne med eigne skriftsystem somlinear elamittisk, medan elamittane seinare gjekk over til å bruka akkadiskkileskrift. Dei tidlegaste innskriftene kan daterast til 2000-talet f.Kr. og det seinaste tilakamenideriket. Elamittisk døydde ut om lag år 100. Det finst att rundt 30 000leirtavler med skrift etter elamittane.

Kultur

[endre |endre wikiteksten]
Spinnande kvinne med tenar. Ny-elamitiskk relieff funne i Susa.
Kvinne med fiskehale og slangar avbilda på ein stele reist av kongUntash Napirisha.

Elam var eit riktjordbruksområde som haddekunstig vatning frå elvar somKarun. Området hadde også rik jakt og fiske og tilgang på råmaterial som tre, stein og metall. Elam gav samband mellom rika iMesopotamia i vest og ulike stammefolk i aust. Nabofolka påverka kvarandre gjensidig, men førte også krig mot kvarandre. Den elamittiske stordomstida var den melommelamittiske perioden frå rundt 1500 til rundt 1100 f.Kr.

Lite er kjend om elamittisk religion. Dei varpolyteistiske med ei viktig hovudgudinne kallaKiririsha ellerPinikir, himmelgudenKhumban ellerHumban, vernegudenInshushinak, måneguden Napir, solguden Nahhunte og Jabru, herskar over underverda og far til alle gudane.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
    • Barstad, Hans M.«Elam» (9. september 2014),Store norske leksikon.
    • Barstad, Hans M.«Elamittisk språk» (6. desember 2011),Store norske leksikon.

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld:Elam
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Elam&oldid=3485935»
    Kategoriar:
    Gøymd kategori:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2026 Movatter.jp