Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ekteskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statue av eit ektepar, med sonen mellom seg, frådet gamle Egypt.

Ekteskap (òghjonskap,ektestand ellergiftarmål) er ei formell, personleg binding mellom to eller fleire personar som finst i ei eller anna form i dei flestesamfunn. Ekteskap skjer gjerne mellom tokjønnsmodne personar av uliktkjønn som ikkje er i nær slekt, men er ikkje avgrensa til desse tilfella.

Føremålet med å inngå ekteskap kan til dømes vera å skapa einfamilie, lovleggjeraseksuelt samkvem eller danna alliansar mellomslekter. Ektefellane vil ha visse plikter overfor kvarandre, slik som å bidra til ekteskapet med materielle gode eller arbeid, vera tru mot ektefellen, eller hasamleie med kvarandre. Inngåinga av ekteskap blir kallavigsel, medan ein eventuell seremoni med tilhøyrande feiring av vigslinga blir kallabryllaup. Ei formell oppløysing av bindinga blir kallaskilsmisse.

Ulike former for ekteskap

[endre |endre wikiteksten]

Den forma for ekteskap som er vanlegast i verda i dag ermonogami, eit ekteskap mellom berre to personar. Andre former som har vore vanlege og framleis er i bruk visse stader erpolygami (fleirgifte), der ein person har fleire partnarar, eller fleire personar er gift med einannan. Dei mest tradisjonelle formene for polygami erpolygyni (fleirkoneri) der ein mann har fleire koner, ogpolyandri (fleirmanneri), der ei kvinne har fleire ektemenn.Gruppeekteskap mellom fleire kvinner og fleire menn er svært uvanleg. Saman med desse ekteskapsformene kan det finnast fleire slag uformelle samlivsformer, til dømes ved at ein eller begge partane har elskarar som er godkjende, eller ikkje, av den andre parten og samfunnet elles.

Kven kan giftast?

[endre |endre wikiteksten]

Alle kulturar har strenge, til dels kompliserte grenser for kven ein ikkje kan gifta seg med. Nokre av desse reglane er nær universelle, men det er mogleg å finna unntak til så godt som alle.

Folk som kan få ungar saman

[endre |endre wikiteksten]
I bryllaupsmåleriet fråThe Rake's Progress frå1635 gjordeWilliam Hogarth narr av ein ung mann som gifta seg med ei eldre enkje for å få tak i formuen hennar.

Eitt av hovudmåla med å inngå ekteskap er å fødaungar innanfor ei ramme som er godkjent av samfunnet rundt. Å ikkje kunne fullføra eitsamleie eller å ikkje få ungar har blitt og blir mange stader rekna som grunn til å oppløysa ekteskapet, eller til å ta seg ein ny ektefelle.

På grunn av dette skjer dei aller fleste ekteskapa mellommenn ogkvinner i fruktbar alder.Puberteten har tradisjonelt blitt sett på som at ein er klar for å inngå og fullbyrda eit ekteskap, medanmenopausen i kvinner ofte har betydd at dei ikkje lenger kunne gifta seg. Ekteskap mellom personar av likt kjønn har derfor òg som regel vore utenkjeleg.

Likevel finst det døme på atungar er blitt gifte, med kvarandre eller med vaksne, men som regel utan å fullbyrda ekteskapet før dei nådde puberteten. At ei kvinne gifter seg etter menopausen er uvanleg, men ikkje utenkjeleg.

Medan ekteskap mellom folk av same kjønn har vore uvanleg, har dei òg eksistert i ulike former. I fleire afrikanske kulturar kunne ei rik einsleg kvinne, til dømes ei enkje, betalabrurepris for ei anna kvinne og gifta seg med henne på same måte som ein mann kunne. Mange stader har menn kunna gifta seg med andre menn, då som regel yngre gutar, for ei viss tid.

Folk som ikkje er nært i slekt

[endre |endre wikiteksten]

Ein naturleg motvilje motincest er nedfelt i menneskja som ein måte for å unngåinnavl på. I tillegg har mange samfunn utvikla reglar som oppmuntrar til å spreiaarvestoff, som at ektefellen må koma frå ein annan klan eller stamme.

Døme på menneske ein ofte ikkje kan gifta seg med ersysken,foreldre, eller folk frå sameklan ellerstamme. I kontrast til desse forboda stårsyskenekteskap mellom kongelege iInkariket ogdet gamle Egypt, dyrking av ekteskap innan små, avgrensakastar iSør-Asia som mellom anna medfører ekteskap mellomsyskenbarn, og klanekteskap i det før-kristneEuropa som hadde som mål å styrka klanen.

Slektskap som gjer ekteskap forbode treng ikkje vera kjødeleg, men kan òg vera tenkt eller andeleg. Til dømes kan ein ha forbod mot å gifta seg medsvigerfamilie, sjølv om ein òg har tradisjonar ijødisk og tildelskristen kultur iMidtausten og Europa for at eienkje gifter seg med ein bror eller son av den avdøde ektemannen.Islam lærte at dei som har dia same kvinna er å rekna som søsken og dermed ikkje kan gå inn i ekteskap saman.Den katolske kyrkja heldt føre at dei som hadde samegudforeldre ikkje kunne gifta seg, medanhinduar som høyrde til sameguru ikkje kunne gifta seg fordi dei alle var rekna som hans andelege ungar.

Folk frå same kultur

[endre |endre wikiteksten]

Om ikkje lovane gjev påbod om det, har mange samfunn uskrivne reglar om at ein helst skal gifta seg innanfor si eiga gruppe, om det ersamfunnsklasse,religion,språksamfunn elleretnisk gruppe. Slike ekteskap vernar om tradisjonar, og gjer det gjerne lettare for ektefellane, som veit kva som er venta av dei i den nye stillinga si.Globalisering har gjort det vanlegare å gifta seg med folk frå andre delar av verda i dagens samfunn, men det er framleis uvanleg å gifta seg på tvers av svært store skilnader, somrikdoms- ogutdanningsnivå.

Nokre religionar forbyr ekteskap med folk av visse andre religionar. Ofte kan ein av partanekonvertera for å gjera ekteskapet godteke.

Moderne lovar som avgrensa ekteskap ut frå til dømesrase, somNazi-Tyskland,Sørstatane iUSA fram til 1960-talet ogSør-Afrika underapartheid, blir i dag sett på som brot på menneskerettane.

Usemje

[endre |endre wikiteksten]

Ekteskapet er i dag under debatt i store delar av verda. Mange meiner det vestlege ekteskapet er blitt for svakt, at det for lett ender medskilsmisse. Av nokon blirarrangerte ekteskap sett opp som eit meir stabilt alternativ til det sjølvvaldekjærleiksekteskapet.

Eit anna stridspunkt gjeld om personar av same kjønn skal ha tilgang til ekteskap. I nokre få vestlege land er det opna forhomofile ekteskap, medan homofile andre stader må nøya seg med den ekteskapsliknandepartnarskapsordninga.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ekteskap&oldid=3546912»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp