Ekte beinfiskar ellerteleostar (Teleostei) er ein infraklassestrålefinnefisk som omfattar kring 30 000 kjende artar[1] i omkring 40ordenar. Gruppa er særs mangfaldig, og oppstod itriastida.
Teleostar er, både om ein reknar i tal på artar eller i biomasse, dei mest dominerandevirveldyra på kloten.
Teleostar har bevegeleg overkjeve og tilsvarande endringar i kjevemuskulaturen. Desse modifikasjonane gjer det mogleg for fisken å skyva kjevane ut or sjølve munnen.
Halefinnen erhomoceral, det vil seie at den øvste og den nedste delen er tilnærma symmetriske til kvarandre. Ryggraden ender ved halerota, og går såleis ikkje vidare opp i halefinnen.
- Strålefinnefiskar (Actinopterygii)
| Denne artikkelen treng fleirereferansar for verifikasjon. Du kanforbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2024 |