Ekko,atterklang, ellerdvergmål, er ein refleksjon av einlyd som treffer den som høyrer, ei stund etter den direkte lyden. Kjende døme er ekko i ein brønn, eit stort rom eller frå ei fjellside. Eit sant ekko er ein enkelt refleksjon. Dersom lyttaren blir treft av mange ekko som glir over i kvarandre, blir det kallareverberasjon.
Eit menneske kan ikkje skilje ekko frå original om avstanden i tid ikkje er større enn 0,1 sekund. Ettersom lyden har ein fart på om lag 343 m/s ved 20 °C, må avstanden frå lydkjelde til reflektor vera minst 16,2 meter.
Ekko blir brukt i mellom annasonar ogekkokardiografi.
Ordet «ekko» kjem frånymfaΗχώ igresk mytologi. Ekko snakka ustoppeleg tilHera så ho ikkje skulle bli var at mannen hennarZevs dreiv hor. Hera avslørte dette og forbanna Ekko så ho berre kunne ta opp at det andre sa.