Eilidh Doyle | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 20. februar1987 (38 år) Perth i Skottland |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012,Friidrett under Sommar-OL 2016,Samveldeleikane 2010,Samveldeleikane 2018,Samveldeleikane 2014 |
Eilidh Child, giftDoyle, (fødd 20. februar1987) er ein britisk tidlegarefriidrettsutøvar som i 2014 vart europameister på 400 meter hekk og i 2016 i 4 x 400 meter stafett.
Child var med på det britiske laget som i 2012 kom på fjerdeplass i 4 x 400 meter stafett under deiolympiske leikane i London. Året etter vart ho nummer 5 på 400 meter hekk vedVM i friidrett 2013 iMoskva, før ho sprang startetappen forStorbritannia sitt bronsemannskap i 4 x 400 m stafett i den same meisterskapen. IEM i friidrett 2014 iZürich vann Child gullmedaljen på 400 m hekk og ho fekk ein ny bronsemedalje i 4 x 400 m stafett. Også underVM i friidrett 2015 iBeijing la Storbritannia og Child beslag på bronseplassen i 4 x 400 m stafett, berre dagar etter ho vart nummer 6 på 400 m hekk.
Som Eilidh Doyle tok ho seg av den tredje etappen då Storbritannia sigra i 4 x 400 meter stafett dåEM i friidrett 2016 vart avvikla iAmsterdam. Seks veker seinare vann ho ein olympisk bronsemedalje med Storbritannia underSommar-OL iRio de Janeiro. IFriidretts-VM 2017 i London sprang det britiske mannskapet, med Child på tredjeetappen, inn til sølv i 4 x 400 m stafett. VedEM i friidrett 2018 iBerlin var Doyle ankerkvinne då Storbritannia enno ein gong enda opp med bronse i 4 x 400 m stafett.
Doyle sette livsbeste 54,09 sekund på 400 meter hekk i eit stemne i Monaco i 2016, på 400 meter sprang ho som best 51,83 sekund i 2013.