Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Eilat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eilat
אֵילַת, ايلات
kommune
Eilat, hamna og dei kringliggande fjella.
Våpenskjold
Land Israel
DistriktDet sørlege distriktet
Del avNegev
Koordinatar29°33′N34°57′E / 29.550°N 34.950°E /29.550; 34.950
Areal84,79 km²
Folketal 47 719  (2012)[1]
Folketettleik563 / km²
Grunnlagd1951
 •  Bystatus1959
BorgarmeisterMeir Yitzhak Halevi
Kart
Eilat
29°33′N34°57′E / 29.55°N 34.95°E /29.55; 34.95
Kart som viser Eilat.
Kart som viser Eilat.
Kart som viser Eilat.
Wikimedia Commons: Eilat

Eilat (hebraisk skrift: אֵילַת;arabisk إيلات) er den sørlegaste byen iIsrael. Han ligg iDet sørlege distriktet, har ei travelhamn og er ein populærferiestad heilt nord iRaudehavet vedAkababukta.

Det bur kring 47 700 innbyggjarar i Eilat,[1] som ligg heilt sør iNegevørkenen, ved sørenden avArava, like ved denegyptiske landsbyenTaba i sør, denjordanske hamnebyenAkaba i aust, ogmed utsyn motSaudi-Arabia i søraust, på andre sida av bukta.

Det tørreørkenklimaet i Eilat, og den låge luftfukta, vert moderert ved plasseringa nær den varme sjøen. Temperaturane går ofte over 40 °C om sommaren, og 21 °C o mvinteren, medan vasstemperaturen varierer mellom 20 og 26 ºC. Eilat har i snitt 360 soldagar i året.[2]

Strendene i byen, koralrevet, nattelivet og ørkenlandskapet, gjer Eilat til ein populær feriestad med turistar frå både Israel og utlandet.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Flyfoto av Eilat
Amramsøylene

Geologien og landskapet er variert med vulkanske ogmetamorfe bergartar, sandstein og kalkstein. Dei høgaste fjell i området stig til 892 meter over havet, og her finst vide dalar som Arava, og kysten ved Akababukta. Årsmiddelnedbøren er på skarve 28 mm og sommartemperaturane er 40 ºC og høgare. Her finst lite vatn og vegetasjon. Hovudelementa som har påverka historia i regionen er koparressursane og andre mineral, dei eldgamle internasjonale vegane som kryssa området, og den geopolitiske og strategiske plasseringa.[3]

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Antikken

[endre |endre wikiteksten]

Den første busetnaden låg truleg heilt nord i Eilatbukta.[4]Arkeologiske utgravingar har avdekt imponerande førhistoriske graver, daterte til6000-talet fvt. heilt vest i Eilat, medan nærliggande koparverk og gruverdrift iTimnadalen er dei eldste på jorda.Egyptisk dokument nemner dei omfattande og lukrative gruvene og handelen med Egypt på tvers av Raudehavet så tidleg som iDet fjerde dynastiet i Egypt. Eilat er nemnt i antikken som ein viktig handelspartnar med Elim,Thebes si hamn ved Raudehavet Port, så tidleg somDet tolvte dynastiet i Egypt.[5] Handel mellom Elim og Eilat førterøykjelse ogmyrra fråEtiopia ogPunt,bitumen ognatron, fråDaudehavet; finvevdlin fråByblos; og koparamulettar fråTimna; alt dette er nemnt iFørarboka for Det erytheriske havet. I antikken grensa Eilat til stataneEdom,Midian og stammeteorritoriet tilRephidim, dei innfødde innbyggjarar påSinaihalvøya.

Israelittiske tid

[endre |endre wikiteksten]

Eilat er først nemnd iDet gamle testamentet iAndre mosebok. Dei første seks kapitla i Andre mosebok er i Egypt. Den sjuande erkryssinga av Raudehavet og kapittel 9-13 er i og rundt Eilat, etter utvandringa frå Egypt og kryssinga av Raudehavet. Kapittel 12 refererer til mange leirstader i og rundt Timna nær Eilat.[treng kjelde]kong David erobraEdom,[6] som fram til då hadde delt grensa med Midian, tok han over Eilat, grensebyen som var delt mellom dei to statane. Den kommersielle hamnebyen og den koparbaserte industrien var under egyptisk kontroll fram til hamna vart ombygd avSalomo på ein stad kallaEzion-Geber (I Kongebok 9:26). I2 Kongebok 14:21–22 «Heile folket iJuda tokAsarja, som då var seksten år gammal, til konge etterAmasja, far hans. Det var han som vann byen Eilat tilbake til Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hos fedrane sine» Og igjen i 2. Kong 16:6: «Det var den gongen aramearkongenResin vann Eilat tilbake tilAram og dreiv judearane ut av byen. Så kom detedomittar og busette seg i Eilat, og dei bur der den dag i dag.»

Nordstranda i Eilat.

Romersk og muslimsk periode

[endre |endre wikiteksten]

I romartida vart det bygd ein veg frå området til dennabateiske byenPetra (i dagensJordan). Ruinane av ein storkoparsmelteomn og handelssamfunn som blmøde underomajadane (700–900 evt.) er òg funne i det som i dag er industriområdet i Eilat, nærkibbutzenEilot.

I dokumenta til muslimske vitskapsmenn i mellomalderen, somAl-Waqidi, vert det sagt atMuhammed gjorde ein avtale med folket i Eilat (Ayla), jødar og kristne. I avtalen tilbaud Muhammed vern til jødane og dei kristne, og dei fekk behalde sjølvstyre i byen, i byte mot ein årleg skatt.[7]Ei anna kjelde til Eliat i islamske tekstar trur ein finst iKoranen, sura 7:163–169. I desse står ei soge om «ein by ved sjøen» der jødiske innbyggjarar vart testa av Gud for å sjekke om dei verkeleg heldt sabbaten. Ein gong gjorde dei ikkje det, og dei vart omgjorte til aper.[8]Darb elHajj eller «Pilegrimsvegen, frå Afrika gjennomEgypt tilMekka, passerte ut frå Sinai frå vest iUmm Al-Rashrash, det moderne arabiske namnet på Eilat, før dei gjekk langs sjøen og fortsette sørover til Arabia. Ein britisk politistasjon vart oppretta i dette området i 1906.[9]

Ein islamsk landsby på 250–400 innbyggjarar, blømde i nordenden av det moderne Eilat på 600- og 700-talet.[10]

Etter opprettinga av staten Israel

[endre |endre wikiteksten]

Dette området var tiltenkt den jødiske staten idelingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina. Den arabiske landsbyenUmm Al-Rashrash vart teken uten kampar den 10. mars 1949, som ein del avoperasjon Uvda.

Timna kopargruver[11] nærTimnadalen vart opna, det vart bygd ei hamn, ogEilat Ashkelon-røyrleidninga vart lagt, samstundes som turistane byrja å kome til byen. Bygginga av byen og hamna i Eilat byrja kort tid etter slutten av krigen. Hamna vart viktig i utviklinga av landet. Etterden arabisk-israelske krigen i 1948 var mange arabiske land fiendtleg innstilt til Israel, og blokkerte alle landruter. Israel kunne berre handle med resten av verda via luft eller til sjøs. I tillegg nekta Egypt passasje gjennomSuezkanalen for israelsk-registrerte skip eller skip som bar last til eller frå israelske hamner. Dette gjorde EIlat og hamna der særs viktig for israelsk kommunikasjon og handel med Afrika og Asia, og for oljeimport. Utan ei hamn ved Raudehavet hadde ikkje Israel kunne ha utvikla dei diplomatiske, kulturelle og handelsbaserte banda til land utanforMiddelhavet og Europa. Dette skjedde i 1956 og igjen i 1967, då Egypt lukkaTiransunda for israelsk skipsfart med ein effektiv blokade av hamna i Eilat. I 1956 førte dette til at Israel i lag med Storbritannia og Frankrike gjekk til krig mot Egypt og skapteSuezkrisa. I 1967 passerte 90 % av israelsk olje gjennom Tiransunda.[12] Oljetankarar som skulle gjennom sunda var forseinka.[13][14] At sunda vart lukka vart av Israel omtalt som nok ei krigsårsak som førte til utbrotet avseksdagarskrigen. Etter det vart signertfredsavtalar medEgypt i 1979 ogJordan i 1994, har grensene til Eilat endeleg vore opne til naboane sine.

I juli 2012 signerte Israel ein avtale med Kina om i lag å byggje einhøgsnøggleiksjernbane til Eilat. Denne vil knyte Eilat tilBeer Sheva ogTel Aviv, og gå gjennomAravadalen og Nahal Zin.[15]

Klima

[endre |endre wikiteksten]
Eilat
Klimadiagram (forklaring)
JFMAMJJASOND
 
 
4
 
20
9
 
 
6
 
22
10
 
 
5
 
26
13
 
 
3
 
29
17
 
 
1
 
34
19
 
 
0
 
37
23
 
 
0
 
38
25
 
 
0
 
38
25
 
 
0
 
35
23
 
 
1
 
32
20
 
 
3
 
27
15
 
 
6
 
22
11
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde:Weather2Travel[16]

Eilat har eitvarmt ørkenklima (BWh[17] med varme, tørre somrar og varme, regnfattige vintrar iKöppen si klimaklassifisering). Om vinteren ligg temperaturen normal frå 11 til 23 ºC, om sommaren normalt mellom 26 til 40 ºC, Det ligg eit relativt litekorallrev nær Eilat, som for 50 år sidan var mykje større. Korallane har døydd på grunn av vassforureining.

Vêrdata for Eilat
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Høgast målte °C30,231,636,240,644,845,647,447,44541,536,431,447,4
Gjennomsnittleg maks °C20,822,125,531,135,438,740,940,837,33327,222,331,3
Døgnmiddeltemperatur °C15172024283132323027211625
Gjennomsnittleg min °C9,610,613,617,821,524,225,926,224,52115,511,218,5
Lågast målte °C2,20,96,48,414,619,12020,419,213,772,50,9
Gjennomsnittlegnedbør mm3,55,83,71,7100003,53,5628,7
Gns. dagar med regn2,11,81,60,90,70000,10,70,81,910,6
Gns.luftfukt (%)32282519161517182327293324
Gns.solskinstimar i månaden229,4237,3251,1273319,3324347,2347,2291282,12462173 364,6
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt[18][19]Climatemps.com for mean temperaturs[20]
Eilat normal sjøtemperatur[16]
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDes
22 °C21 °C21 °C23 °C25 °C26 °C28 °C28 °C28 °C27 °C25 °C23 °C


Turisme

[endre |endre wikiteksten]
Eilat-promenaden

Eilat er ein populær turiststad med mange forskjellige høve for losji, frå ungdomsherberge til luksushotell. I nyare år har Eliat vore eit mål for militante grupper frå Egypt og Gaza, noko som har redusert talet på turistar til området. Av turistattraksjonar finn ein fuglekikking, kamelturnar, korallstranda,Coral World Underwater Observatory, Delfinrevet, fallskjermhopping, Hai-Bar Yotvata naturreservat,Kings City, ein bibelske temapark, marina med 250 lystbåtar ogTimnadalenparken med dei eldste kopargruvene i verda og gamle egyptiske tempel

Særleg dykketurisme er særleg populært i Eilat. Byen ligg vedAkababukta som er ein av dei mest populære dykkedestinasjonane i verda.[21]

Venskapsbyar

[endre |endre wikiteksten]

Eilat er venskapsby med:

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1«Locality File»(XLS).Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014. 
  2. Discovering the World of Bibelen, LaMar C. Berrett, (Cedar Fort 1996), s. 204
  3. Avner, U. 2008. Eilat Region. I: A. Stern (red.). The New Encyclopedia of Archaeological Excavation iHoly Land, Volume 5 (Supplementary). Jerusalem. 1704–1711.
  4. Dr. Muhammed Abdul Nayeem, (1990). Prehistory and Protohistory of thearabisk Peninsula. Hyderabad. ISBN.
  5. Michael Rice(1990). Egypt's Making. Routledge.ISBN 0-415-06454-6.
  6. «ישראל המקדשית». Gideon.022.co.il. Henta 30. mars 2015. 
  7. Moshe Gil. «A Palestinsk historie, 634–1099». Cambridge University Press, 1997, s.29–31
  8. The Koranen, sura 7:163–167.http://quran.com/7/163-169
  9. Gabriel Warburg (1979). «The Sinaihalvøya borders 1906–1947».Journal of Contemporary Historie14: 677–692.doi:10.1177/002200947901400406. 
  10. Yehudah Rapuano (2013). «An Early Islamic Settlement and a Possible Open-Air Mosque at Eilat».'Atiqot75: 129–165. 
  11. «Timna Copper Mines homepage». Arkivert fråoriginalen 22. oktober 2015. Henta 6. september 2015. 
  12. Avi Shlaim; William Roger Louis (13. februar 2012).The 1967 Arab-Israeli War: Origins and Consequences. Cambridge University Press. s. 224.ISBN 978-1-107-00236-4. «90% of israelske oil was imported through the Straits of Tiran» 
  13. Avi Shlaim; William Roger Louis (13. februar 2012).The 1967 Arab-Israeli War: Origins and Consequences. Cambridge University Press. s. 27.ISBN 978-1-107-00236-4. 
  14. «Daily brief to the U.S president on 27 May 1967»(PDF). 27. mai 1967. Arkivert fråoriginalen(PDF) 17. juni 2014. Henta 6. september 2015. «"diverted as was a sister ship yesterday» 
  15. «Israel, Kina agree to build Eilat railway». Globes. 3. juli 2012. Henta 6. september 2015. 
  16. 16,016,1«Eilat Climate and Weather Averages, Israel». Weather2Travel. Henta 5. september 2015. 
  17. «Climate: Eilat - Climate graph, Temperatur graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 5. november 2013. 
  18. «Averages and Records for Eilat (Precipitation, Temperatur and Records [Excluding February, juli og august] written i page)». Israelsk meteorologiske institutt. 
  19. «Records Data for Israel».Israelsk meteorologiske institutt. 
  20. «Eilat Weather Averages». Climatemps.com. Henta 6. september 2015. 
  21. Artificial Reefs and Dive Turisme in Eilat, Israel Dan Wilhelmsson, Marcus C. Öhman, Henrik Ståhl and Yechiam Shlesinger Ambio, Vol. 27, No. 8, Building Capacity for Coastal Management (Dec., 1998), s. 764–766 Published by: Allen Press on behalf of Det kongelege svenske vitskapsakademiet[1]
  22. 22,022,122,222,322,422,5«Sister Cities». Union of Local Authorities i Israel (ULAI). Henta 13. oktober 2014. [daud lenkje]
  23. «What we do: Humanitarian Aid». Israel MFA. Arkivert fråoriginalen 31. mai 2010. Henta 6. september 2015. 
  24. «Facts about Durban». 7. september 2003. Henta 6. september 2015. 
  25. «Municipal Smolyan». Henta 6. september 2015. 
  26. «Weiterführende Informationen: Städtepartnerschaften». Israel MFA. Henta 6. september 2015. 
  27. «Eilat i Israel – Sister Cities of Los Angeles». Arkivert fråoriginalen 27. oktober 2011. Henta 6. september 2015. 
  28. «The anniversary of our sister city i Eilat». Henta 6. september 2015. 
  29. «Sopron i Ungarn i One Of Eilat_s Twin Cities». Eilat Today. Arkivert fråoriginalen 14. september 2012. Henta 13. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Byar
Lokale kommunar
Regionale kommunar
Sjå òg
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Eilat&oldid=3413186»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp