Egyptisk vart talt iEgypt i oldtida og var eit viktig språk iOrienten på den tida. Egyptisk er eit av verdas eldste kjende litteraturspråk. Egyptisk vert rekna med til deiafroasiatiske språka og er dermed i slekt medsemittiske språk og fleire andre språk i det nordlegeAfrika.
I egyptisk språkhistorie skil ein mellom fleire utviklingsstadium. Gamalegyptisk vart talt i tida under dei eldste dynastia og stammar truleg frå eit uregyptisk språk som var endå eldre. Mellomegyptisk vert datert til så tidleg som 1900-talet f.Kr. Seinegyptisk vert tidfest til tida frå om lag 1100 til 500 f.Kr. Deretter utvikla språket seg til det såkalla demotiske språket, som vart nytta fram til 400 e.Kr. Sidan utvikla språket seg tilkoptisk, som vart talt fram til 1600-talet, då brukarane gjekk over til å haarabisk som samfunnsspråk, men koptisk vart halde i hevd som kyrkjespråk.
Til liks med dei semittiske språka vart verba bøygde i aspekt, alt etter om ei handling var avslutta eller uavslutta.
Dei eldste spora etter eit egyptisk skriftspråk er datert til om lag 3000 f.Kr. Dei fleste vil forbinde det medhieroglyfar, ei særskild form forbiletskrift der teikna dels representerer ljodar (fonetisk skrift) og dels omgrep eller ting (piktografisk skrift). Det er mogeleg at dette er det eldste skriftspråket, då det allereie i dei eldste eksempla ser ut til å vere godt utvikla. Det er ei vanleg feiloppfatning at den egyptiske hieroglyfskrifta er eit reint piktografisk skriftsystem. Årsaka til dette er at svært mange av hieroglyfane er lette å kjenne att som verkelege objekt. Likevel vart dei fleste brukt som ljodteikn.
Underdet gamle riket vart ein kursiv handskriftvariant av hieroglyfskrifta utvikla,hieratisk skrift. Teikna er forenkla i høve til den tradisjonelle monumentalskrifta, slik at ein kunne skrive mykje raskare.
Underseintida vart det også teke i bruk ei form for skrift som rett nok bygde på hieratisk, men som var kome så langt frå opphavet sitt, både i utforming og grammatikk, at det vert omtalt som eit heilt nytt skriftspråk,demotisk skrift - det vil seie «folkeskrift». Dette var eit alfabet samansett av enkle symbol, som ein like lett kunne skrive påpapyrus og risse inn i stein.
Hieroglyfskrift i tradisjonell form vart likevel halde i bruk som heilag skrift gjennom heile den egyptiske historia, fyrst og fremst nytta til (religiøse) monumentalinnskrifter. Under gresk-romersk tid vart talet på hieroglyfar utvida frå nokre hundre til fleire tusen.