Egypt i oldtida ellerdet gamle Egypt er historia om denegyptiske statsdanninga som vart til kring 3300 f.Kr. og vara i to tusen år;arkeologiske funn tyder på at det eksisterte eit utvikla samfunn i Egypt òg lenge før denne epoken.Pyramidene vedGiza, som vart bygd underdet fjerde dynastiet, ersymbol på makta tilreligionen og staten. Den største pyramiden,Kheopspyramiden, er den einaste attverande avsju underverk i oldtida. Det gamle Egypt nådde høgda av si makt, rikdom og utbreiing iDet nye riket (1567-1085 f.Kr.). Egyptarane nåddeKreta kring 2000 f.Kr. og vart invadert av indoeuropearar og eit folkeslag kallahyksos. Dei sigra over inntrengjarane kring 1570 f.Kr. og ekspanderte motEgearhavet,Sudan,Libya og store delar av Sørvest-Asia, så langt som til elvaEufrat.
Den årlege overflauminga avNilen gjorde at jordbruket i Egypt tidleg produserte eit stort nok overskot til å oppretthalde ein rik sivilisasjon. Eit egyptisk rike blei grunnlagd i3200 f.Kr av kongNarmer, og ulikedynasti kom til å styre dette området som ei eining i nærare 3000 år framover. Egypt i oldtida var styrt avfaraoar, som gjorde krav på å stamme frågudane.Pyramidane i Egypt stammar frå denne tida, det same gjer dei kjende gravkamra iKonganes Dal der grava tilTutankhamon blei funne i 1922.
Egyptarane i oldtida hadde ein sedvane med åmumifisera avdøde menneske. Dei meinte mumifisering var naudsynt for å sikra eit endelaust liv etter døden. Dei første mumifiseringane gjekk ut på å lata menneska tørka i ørkensanden. Moderne egyptisk mumifisering involverte fjerning av indre organ, fjerning av heilen gjennom nasen, og tørking av kroppen ved hjelp avnatriumkarbonat. Kroppen blei deretter pakka inn med linbandasjar og plassert i ein dekorert kiste. Rike egyptarar ogfaraoar blei ofte gravlagde med sin rikdom.[2]