Egilsay | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 59°09′17″N2°55′39″W / 59.154799°N 2.927535°W /59.154799; -2.927535 |
Øygruppe | Orknøyane |
Areal | 6,50 km² |
Høgaste punkt | 35moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Orknøyane |
Demografi | |
Folketal | 37 (2001) |
Folketettleik | 5,7 /km² |
Egilsay er ei øy iOrknøyane iSkottland, aust forRousay. Øya er stort sett jordbruksland og er kjend foråkerriksene som held til her.
Det har vore foreslått at namnet på øya delvis kjem frå eit gammaltgælisk namn, noko som er særs uvanleg forNorthern Isles.[1][2]. Ved første augekast ser det ut til å tydeEgilsøy etter namnetEgil. Det gæliske namneteaglais tyder «kyrkje» og kan vere ein del av namnet, sidan øya er dominert av ei kyrkje som første gong vart bygt i tida førvikingtida. ØyaKili Holm like nord for Egilsay kan kome avcille, som er ei munkecelle.
Sjølve kyrkja har ei særs uvanleg form som eitirsk rundtårn, som igjen er sjeldan å sjå i Skottland og unik på Orknøyane. Bygningen er utan tak og tårnet er noko avkappa, men elles komplett. Det vert vedlikehalda avHistoric Scotland som eitAncient Monument.
Egilsay var staden derMagnus Orknøyjarl vart drepen i 1117. Kyrkja er tileigna han, men er truleg langt eldre.