Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Eger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Eger» omdirigerer hit. For byen med det tyske namnet for Cheb, sjåCheb. For det tyske namnet for elva Ohře i Tsjekkia, sjåOhře.
Eger
by
Dobó-plassen og slottet i Eger.
Flagg
Våpenskjold
Land Ungarn
RegionNord-Ungarn
FylkeHeves
Høgd180 m
Areal92,24 km²
Folketal 49 499(1. januar 2024)
Postnummer3300
Retningsnummer36
Kart
Eger
47°53′56″N20°22′29″E / 47.898888888889°N 20.374722222222°E /47.898888888889; 20.374722222222
Wikimedia Commons: Eger

Eger er ein by nord iUngarn, aust forMatrafjella, som er hovudstad ifylketHeves. Byen er kjend for slottet sitt, varme kjelder, historiske bygningar som den nordlegastetyrkiskeminareten, og som senter for ungarskraudvin.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Eger har vore busett sidansteinalderen. Tidleg imellomalderen var området busett avtyskarar,avarar og slaviske stammer. Ungararane kom til området på 900-talet.Stefan av Ungarn (997–1038), den første kristne kongen av Ungarn, grunnla eit bispedøme i Eger. Den første domkyrkja i Eger vart bygd ved sida av slottet i Eger. Eger vart bygd rundt den tidlegare domkyrkja og har vore eit viktig religiøst senter i Ungarn sidan han vart grunnlagd.

1300- til 1500-talet var ei tid i framgang for Eger. Dyrking av vindruer, som har gjort byen kjend, byrja å verte viktig på denne tida.

Det osmanske riket erobra delar av Ungarn vart Eger ein viktig grensefestning.Omleiringa av Eger i 1552 vart mirakuløst vunne av dei ungarske styrkane, som vart sterkt i undertal. Mindre enn 2 000 ungarske soldatar, inkludert kvinner og born, under kapteinIstván Dobó sin kommando, klarte å stå imot den tyrkiske hæren på 80 000 mann. Dei fleste ungararane kjenner soga om omleireinga frå romanen «Eger sine stjerner» (ungarskEgri csillagok) av den ungarske forfattarenGárdonyi Géza på 1800-talet.

I 1596 gjekk ein større tyskisk hær til åtak på Eger og tok borga etter ei kort omleiring. Eger var under osmansk styre i 91 år og vart hovudstaden i ein osmanskvilayet (administrativ inndeling). Tyrkarane gjorde kyrkjene om tilmoskear, bygde om borga og bygde andre bygd som offentlege bad ogminaretar.

Etter at tyrkarane ikkje klarte å erobraWien, klartehabsburgarane, som kontrollerte resten av Ungarn, å drive tyrkarane ut av landet. Den kristne hæren leia avKarl IV av Lorraine okkuperte slotet i Buda i 1686 og fekk borga i Eger til å overgje seg ved å svelte dei ut i 1687.

Eger byrja så å bløme igjen. Biskopane tok tilbake byen og mange protestantar flytta. Under sjølvstendekrigen mot Habsburg i 1703-1711 støtta byen den ungarske leiaren prinsFrans II Rákóczi, men keisardømet klarte å slå ungararane og kort tid etter vart Eger råka av ein pest.

1800-talet starta med katastrofar. Ein brann øydela halve byen i 1800 og den sørlege veggen av borga kollapsa i 1801. Eger vart eit erkebispesete i 1804. Erkebiskopen hadde streng kontroll over byen trass i at innbyggjarane kjempa for større fridom. I 1827 råka ein ny brann byen og fire år seinare tok ein epidemi livet av meir enn 200 menneske.

Innbyggjarane i Eger tok aktivt del iden ungarske revolusjonen i 1848. Sjølv om revolusjonen vart stoppa, klarte Eger å kome seg fri frå erkebiskopen sitt styre i 1854.

Etterden første verdskrigen byrja byen å gradvis kome seg økonomisk. Gárdonyi sin roman «Eger sine stjerner» førte til at Eger vart eit populært turistmål og ein byrja arkeologiske utgravingar av borga.

I dag er Eger ein velståande by og ein populær turistdestinasjon med eit sjarmerande sentrum i barokk stil.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Eger
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Eger&oldid=3588998»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp