Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Egearhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sattelittbilete av Egearhavet
Kart

Egearhavet (gresk: Αιγαίον Πέλαγος,Aigaion Pelagos) er ein arm avMiddelhavet som ligg mellom dengreske halvøya ogAnatolia (Litleasia, som no er ein del avTyrkia). Det er forbunde medMarmarahavet ogSvartehavet gjennomDardanellane ogBosporos.

Etymologi

[endre |endre wikiteksten]

Ioldtida var det ulike forklaringar på namnet til havet. Det vart sagt at det hadde namnet etter ein by; Aegae, etter eiamasonedronning med namn Aegae som drukna i havet, eller etterAegeus, far tilTheseus, som drukna seg i havet då han trudde sonen var død. Ein annan mogelegetymologi er frå rota Αιγ- (Aeg-) som tyderbølgje, altsåbølgja hav som i αιγιαλός (aighialos).

Kultur

[endre |endre wikiteksten]

Egearhavet var fødestad for to av dei storesivilisasjonane i oldtida —minoaraneKreta ogmykenaranePeloponnes. Seinare utvikla bystataneAthen ogSparta seg saman med mange andre og danna dengreske sivilisasjonen. Egearhavet har seinare vore folkesett avpersarar,romarar,bysantinarar,venetianarar,seljuktyrkarar ogosmanarar.

Det opphavlegedemokratiet vart utvikla rundt Egearhavet.

Øyane i Egearhavet

[endre |endre wikiteksten]

Øyane i Egearhavet kan delast inn i sju grupper:Thrakiahavgruppa,Dei egeiske øyane,Dei nordlege Sporadane,Kykladane,Dei saroniske øyane,Dodekanesane ogKreta. Ordetarkipelago blei først nytta om desse øygruppene. Mange av øyene i Egearhavet er forlengingar avfjellkjeder på fastlandet.

Mange av øyene har trygge hamner og bukter, men navigasjon mellom dei er generelt vanskeleg. Fleire av øyane ervulkanske, og nokre har rike førekomstar avmarmor ogjern. Dei største øyane har fruktbare dalar og sletter. To av dei store øyene i Egearhavet høyrer tilTyrkia:Bozcaada (gresk Ίμβρος, Imvros) ogGökçeada (gresk Τένεδος, Tenedos).

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Egearhavet&oldid=3577357»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp