Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Edward Lorenz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edward Lorenz
Fødd23. mai1917
West Hartford
Død16. april2008
Cambridge i Massachusetts
NasjonalitetUSA
Områdekomplekse systemer,kaosteori
Yrkematematikar,meteorolog,universitetslærar
InstitusjonarMassachusetts Institute of Technology
United States Air Force
Alma materDartmouth College
Harvard University
Massachusetts Institute of Technology
DoktorgradsrettleiarJames Murdoch Austin
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Royal Society

Edward Norton Lorenz (23. mai 191716. april 2008) var ein prisløntamerikanskmatematikar,meteorolog og ein av pionerane innankaosteorien. Han er spesielt kjent forsommarfugleffekten.

Han studertematematikk vedDartmouth College iNew Hampshire ogHarvard University iMassachusetts. Underandre verdskrigen gjorde han teneste som varslingsmeteorolog fordet amerikanske flyvåpenet. Etter krigen tok han opp studium imeteorologi vedMassachusetts Institute of Technology der han seinare var professor i mange år. I den perioden hadde han eit nært samarbeid med mellom andre norskeArnt Eliassen.

Forsking

[endre |endre wikiteksten]

På 1960-talet konstruerte Lorentz eindeterministisk modell for å studereatmosfærisk sirkulasjon ved hjelp av datamaskiner. Han oppdaga at ørsmå variasjonar i starttilstanden til kvar av dei tolv parametrane til modellen førte til totalt divergerande løysingar. Denne kjennslegheita for startvilkåra vart etterkvart kjent i popularisert form under namnetsommarfugleffekten. Han brukte denne nemninga første gongen under eit foredrag 29. desember 1979.

Lorenz fortsette med å utleie dei underliggande matematiske samanhengane og publiserte eit forholdsvis enkelt sett av likningar som til saman skildrar eit kaotisk mønster seinare kjent somlorenzattraktorar.

Han er rekna som ein av dei mest viktigaste matematikarane på 1900-talet.

Prisar (utval)

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Edward_Lorenz&oldid=3236670»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp