Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Edinburgh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edinburgh
Dùn Èideann
by
Våpenskjold
Motto: Nisi Dominus Frustra
«Ta imot Herren i forgjeves»
Kallenamn: «Auld Reekie», «Athens of the North»
Land Storbritannia
Konstituerande land Skottland
RegionCity of Edinburgh
DistriktSameint styresmakt
Areal259 km²
Folketal 488 050(2016)
GrunnlagdFør 600-talet
PostnummerEH
Retningsnummer0131
Kart
Edinburgh
55°57′12″N3°11′21″W / 55.953333333333°N 3.1891666666667°W /55.953333333333; -3.1891666666667
Wikimedia Commons: Edinburgh
Edinburgh frå Calton Hill.

Edinburgh (skotsk-gæliskDùn Èideann) er hovudstad og den nest største byen (etterGlasgow) iSkottland. Administrativt utgjer han saman med omlandetregionenCity of Edinburgh. Han ligg ved breidda avFirth of Forth.

Byen har vore hovudstad i Skottland sidan 1492, og er no sete forParlamentet i Skottland, som vart gjenoppretta i 1999. Både den gamle og den nye byen vart tekne inn påverdsarvlista til UNESCO i 1995.

Namnet

[endre |endre wikiteksten]

Ein meiner at namnet på byen kjem fråbrittonskDin Eidyn,Fortet til Eidyn. Dette stammar frå tida da området høyrte tilGododdin, i tidlegmellomalder.

Etter å ha vorte teken avanglarar fråBernicia vart namnet endra tilEdin-burh. Enkelte har hevda at dette tyderEdwin-fort, etterEdwin av Northumbria, men namnet ser ut til å vera frå før tida hans, og det er større grunn til å tru at det er ei forvansking av det brittonske namnet[treng kjelde].

Byen har au kallenamnetAuld Reekie (Gamle røykfylte). Denneoklassiske arkitekturen ogden skotske opplysningstida i det18. hundreåret har gjeve han kallenamnetDet nordlege Athen. Ein forfattar har ymta om atDet sørlege Reykjavík hadde vore meir passande.

The Princes Street Gardens og nokre bygningar: Frå venstre: Scottmonumentet, North British Hotel, Nelsonmonumentet & the City-observatoriet på Caltonhøgda, to bruer (Waverley i forgrunnen, North lengre bak) og taket til Waverley Station.

Det moderne gæliske namnet,Dùn Èideann, har òg vorte forvanska somDunedin, eit namn byen til tider har gått under.

Mange skottar brukar kallenamnetEmbra, og diktarenRobert Fergusson kalla byenEdina.

Det historiske senteret er delt i to av Princes Street Gardens. Mot sør er bybiletet dominert avEdinburgh slott, som står på eit vulkansk berg. Nedanfor slottet ligg gamlebyen, som fylgjer åsryggen. Mot nord ligg den nye byen. Parkanlegget vart påbegynt i 1816 på myrland som tidlegare hadde vore ein innsjø,Nor'Loch.

Hamna

[endre |endre wikiteksten]

Hamna i Edinburgh ligg iLeith. Bydelen har ein særeigen karakter, og det var stor motstand då han vart innlemma i Edinburgh by, fordi han da vart knytt nærare til storbyen. Han er framleis ein eigen by, men blir administrert saman med Edinburgh.

Kultur

[endre |endre wikiteksten]

Edinburgh er base for fleire verdskjende arrangement. Blant desse erEdinburgh-festivalen, som er eit samleomgrep på eksplosjonen i festivalar som skjer iaugust kvart år - blant desse er Edinburgh Fringe Festival, Edinburgh Book Festival, Edinburgh Film Festival ogEdinburgh Military Tattoo.

Folk frå Edinburgh

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.(2024)

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Edinburgh
Reiseguide forEdinburgh frå Wikivoyage
Skottlands flagg
Skottlands flagg
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Edinburgh&oldid=3595361»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp