Eastern Cape er ein provins iSør-Afrika. Hovudstaden erBhisho, men dei to største byane erPort Elizabeth ogEast London. Arealet til Eastern Cape er 169 580 km² og folketalet 7 230 204 i 2022. Provinsen vart danna i 1994 av dei gamle «sjølvstendige»bantustananeTranskei ogCiskei og den austlege delen avKapp-provinsen. Namnet «Cape» viser tilKapp det gode håp.
Om lag 87,6 % av folket i Eastern Cape er svarte afrikanarar, 7,4 % er av blandingsrase («farga»), 4,7 % kvite og 0,3 % asiatar. 83 % av folket erxhosa-talande. Eastern Cape er fødestaden til fleire framtedande sørafrikanske politikarar, somNelson Mandela,Oliver Tambo,Walter Sisulu,Govan Mbeki,Raymond Mhlaba,Robert Mangaliso Sobukwe,Chris Hani,Thabo Mbeki,Steve Biko ogCharles Coghlan.