Dykh-Tau ellerDykhtau (russisk Дыхтау) er eit5 204 m høgt fjell iKabardino-Balkaria iRussland, om lag 5 km nord for grensa tilGeorgia. Fjellet er det nest høgaste iKaukasus (etterElbrus), og om ein reknar Kaukasus nord for hovudkammen til Europa, det nest høgaste fjellet i Europa.
Dykh-Tau er lettast å nå frå nord (Russland). Ein kan kome til kandsbyen Bezingi frå Naltsjik i Kabardino-Balkaria med offentleg transport. Fjelleiren ved Bezingi ligg 2180 moh. Frå her tar det vidare to dagar for å nå basen. Frå her tar det vidare to dagar å nå basen for å klatre opp fjellet.[1]
Dette er ein av dei store toppane i Kaukasus og ligg ved den store Bezingiveggen Bezingibreen. Den første klatringa vart gjort i 1888 avAlbert Mummery og Zarfluh. Ruta deira opp sørvestryggen vert ikkje lenger nytta som normalruta, som no er nordryggen.