Pluto vart oppdaga av den amerikanskeastronomenClyde W. Tombaugh den18. februar1930. Han kalla planeten opp etter den romerskeguden Pluto med same namn, fordi dei to første bokstavane hans er initialane tilPercival Lowell, som hadde forutsagt at ein niande planet ville bli funnen.
I starten trudde ein at Pluto var fleire gonger større ennjorda. Nærare observasjonar har synt at Pluto er mindre ennmånen. Den 24. august 2006 vedtokDen internasjonale astronomiske unionen ein ny definisjon påplanetar. Etter denne datoen er Pluto saman med til dømesCeres ogEris klassifisert som eindvergplanet.
Nattsida til Pluto og blå dislag i atmosfæren. Fargane er tilnærma slik eit menneske ville oppfatta dei.Pluto nær solnedgang. Meir enn eit dusin dislag er synlege på biletet, i tillegg til fleire høge fjell og issletta Sputnik PlanumTeikn på strøymande nitrogen-is (kontekst)Grøfter på Sputnik Planum (kontekst)
Nokre av dei fyrste biletaNew Horizons-sonden sende attende til jorda synte ei rad fjell, opp til 3500 meter høge. Fjella er sannsynlegvis laga avvassis og del avgrunnfjellet til Pluto, sidan meir flyktige stoff somnitrogen ogmetan sannsynlegvis ikkje er harde nok til å laga slike fjell under høva på Pluto. Sannsynlegvis vart fjella danna for mindre enn 100 millionar år sidan, slik at terrenget i området er noko av det yngste som er observert so langt i solsystemet.[17]
I sentrum av eit hjarteforma område på Pluto ligg det ei frosen slette kallaSputnik Planum. Til liks med fjella er ho sannsynlegvis mindre en 100 millionar år gamal. Ho har fleire sprekkar - nokre med ein mørk materie i, andre med åsar i.[18] Området er rikt på nitrogen-, metan- ogkarbonmonoksid-is. Det finst teikn på at isen her strøymer likisbrear på jorda.[19] Det finst òg teikn på at nitrogen-is i form av isbrear strøymer frå eit høgland aust for Sputnik-sletta ned på sletta sjølv.[20]
Observasjonar med Ralph-instrumentet ombord på New Horizons syner at den vestre delen av hjarteformasjonen på Pluto har ein konsentrasjonstopp av karbonmonoksid.[21]
Etter å ha passert Pluto tok New Horizons bilete av Pluto som då hadde sola bak seg. Bileta synte dislag i atmosfæren til Pluto som nådde opp til 130 kilometer over yta til dvergplaneten, medan forskarar på førehand ikkje hadde venta seg dis stort høgre enn 30 kilometer over yta.[22]
↑«Horizon Online Ephemeris System for Pluto Barycenter». JPL Horizons On-Line Ephemeris System @ Solar System Dynamics Group. Henta16 January 2011. (setObserver Location til@sun for å plassera obvervatøren ved sentrumet til sola)