Durra,sorghum ellersorgum (Sorghum bicolor ellerSorghum vulgare) er ein eittårig kornplante av slektaSorghum.[1]
Planten er særleg viktig itropiske område ettersom han tolertørke svært godt. Framfor alt er han ein viktig mat- og fôrplante iAfrika. Ein dyrker òg durra i tempererte område.
Ein reknar med at menneske tok til å dyrka vill durra fann for rundt 2 000 år sidan iAust-Afrika, truleg iEtiopia,Sudan eller øvreEgypt. I India og påden arabiske halvøya har ein likevel gjort mykje eldre funn av durra som kan ha vore dyrka.
Afrikanske slavar tok planten med seg tilNord-Amerika tidleg på 1600-talet.USA er i dag verdas største durraprodusent, med 12mill. tonn av en verdensproduksjon på 56 mill. tonn (2004). Deretter kjemNigeria ogIndia med 8 og 7 mill. tonn.
Dei mange ulike durratypane blir vanlegvis delte inn i fire grupper etter bruksområde:
- Korndurra
- Grasdurra, som blir brukt tilbeiting oghøy
- Sukkerdurra eller søtdurra, som blir brukt til å lagasirup
- Sortar som blir brukt til å lagakostar ogbørster
I fleire regionar i India lagar ein eit ugjæra brød av durra som blir kallabhakri. I Nigeria bryggar einøl og iKina lagar ein eit brennevin,maotai, av durra.
- ↑«durra».Store norske leksikon (på norsk bokmål). 15. oktober 2020.