Sidan 1970-åra harUniversitetet Duisburg-Essen utdanna studentar frå heile verda. Med 14 fakultet og meir enn 33000 studentar er universitetet eit av dei ti største i Tyskland.
Fleire omliggande tettstader og mindre byar er vorte innlemma i Duisburg opp gjennom åra, og han er i dag den tolvte største byen i Tyskland og den femte største i Nordrhein-Westfalen med om lag 500000 innbyggjarar. Byen er kjend forstålindustrien. Det er framleis eikolgruve i drift, men det har aldri vore like omfattande gruvedrift etter kol i Duisburg som i resten av Ruhr-området. Allemasomnane i Ruhr ligg no i Duisburg. 49% av allbly og 34,4% av allråstål i Tyskland vert i dag produsert her.
Seinare arkeologiske funn viser at dagens marknadsplass alt var i bruk i det 1. hundreåret. Han har vore den sentrale handelsstaden i byen sidan 400-talet. Sjølve byen låg ved «Hellweg», ein viktig veg i mellomalderen, og ved einvadestad over Rhinen.Romarane vakta over dette kryssingspunktet. I 420 reivfrankarar til seg den romerske busetnaden og nykoloniserte den gamle delen av byen. I 883 erobranormannarane Duisburg og var her heile vinteren. Dette var òg første gong Duisburg vart nemnd i nedskrivne kjelder.
På grunn av den nyttige plasseringa til byen vart det oppretta eitpfalzgrevskap her og byen fekk snart privilegium somfri keisarby (1279). Duisburg vart eit medlem avHansaen. Rundt 1000 tok Rhinen eit elveløp lenger vest for byen, og dette sette ein stoppar for byen som handelsstad og han vart ein roleg landsby. I 1120 vart det bygd bymurar rundt Duisburg. Erkebiskopen avKöln gjekk til åtak på byen i 1445, men vart slått tilbake. I 1566 teiknaJohannes Corputius eit bykart over Duisburg. Duisburg underHertugdømet Cleves vart i 1666 ein del avBrandenburg ogPreussen
Tobakk- og tekstilindustrien gjorde Duisburg til eit industrisenter på 1700-talet. Store selskap som jern- og stålproduksjonsfirma (Thyssen ogKrupp) påverka utviklinga av byen, og mange arbeidarar flytta til byen for å arbeide på fabrikkane. I 1846 fekk byen si første jernbanelinje tilDüsseldorf. Byen oversteig 100000 innbyggjarar i 1904.
Som eit stort senter for logistikk og produksjon av kjemikaliar, stål og jern var Duisburg eit av hovudmåla for dei allierte bombetokta underden andre verdskrigen. Både industriområda og bustadkvartera vart bomba. 12.–13. juni 1941 slapp britiske bombefly totalt 445 tonn med bomber over byen, og i mai 1943 slapp 577 britiske bombefly 1599 tonn med bomber og 96000 menneske vart heimlause. I mai 1944 vart 2000 tonn med bomber slept over byen, medan det i oktober same år vart slept ned meir enn det dobbelte som ein del avOperasjon Hurricane. I 1945 bygde ei ingeniørgruppe frå den amerikanske hæren ei 860 meter lang jernbanebru over Rhinen på berre seks dagar og femten timar. Brua fekk namnet «Sigersbrua»[1].
Totalt 299 bombetokt hadde nesten jamna byen med jorda. 80% av alle bygningar var heilt eller delvis øydelagd, og nesten heile byen måtte byggast opp att og dei fleste historiske landemerkene var gått tapt.
I 19. juli 2004 vart Duisburg råka av eintornado. Teateret og delar av sentrum vart øydelagd.