Drikk, drykk ellerdrikke ervassbasertvæske ein tek til med det å stilla tørsta som hovudmål. Andre grunnar til å drikka kan vera å nytasmaken, motverka kulde eller varme, ta til segmedisin ellerrusstoff. Drikke kan også ha viktig kulturell tyding, som ved å skapa ei religiøs kjensle undernattverd, gje ei kjensle av samhald ved fellesdrikking ogskåling, eller skapa eit skilje gjennom at ulike grupper folk ikkje drikk av same kjelde, som iapartheidstatar eller vissekastesamfunn.
Ein hovudgrunn til at ein drikk er for å tilføra kroppen vatnet han treng for å fungera.Drikkevatn er vatn som er rekna somreint nok til å drikka, ved at det inneheld få ureinande partiklar («grums») ogbakteriar. Ureina vatn kan gjerast drikkbart gjennomkoking,destillasjon ellerfiltrering. Nokre stader reknar ein berre «levande» vatn, som vatn frå einbrønn eller eielv, som drikkbart, medan stilleståande vatn er rekna som ureina og ikkje til å drikka.
Mange drikkar erjus eller vatn smaksett med stoff frå plantar, til dømesfrukt ogbær, men også andre plantedelar, somblad ogbork. Ein kan laga desse ved å pressa ut jusen, ved å koka plantedelane tilsaft, eller ved å blanda dei med varmt vatn slik at ein fårte,kaffi,kakao og liknande.
I moderne leskedrikkar kan ein bruka plantar til å gje smak, men det finst også mange nye kunstige smaksstoff. Desse blir gjerne brukte i saft ogbrus.
Ved å la ein plantedrikkgjæra kan ein få ein alkoholdrikk, det vil seia ein drikk som inneheldetanol.Øl ogvin er utbreidde alkoholdrikkar. Destillering av slike drikkar gjev høgare alkoholinnhald, sombrennevin.Alkoholdrikkar held seg lenge, har spesiell smak mange liker, og gjev rus, som vert oppfatta på ulikt vis. Nokre kulturar har lovprisa alkoholdrikkar, medan andre har forbode eller laga strenge lovar mot dei.