Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Drift Away

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drift Away
Singel avDobie Gray
frå albumetDrift Away
B-side

«City Stars»

UtgjeveFebruar 1973
SjangerRock,soul,softrock
SelskapDecca
Låtskrivar(ar)Mentor Williams
ProdusentMentor Williams
Dobie Gray-kronologi 
«Rose Garden»
(1972)
Drift Away«Loving Arms»
(1973)


«Drift Away» er ein song skriven avMentor Williams og opphavleg spelt inn avJohn Henry Kurtz i 1972 på albumet hansReunion. I 1973 vart songen den største hitten tilDobie Gray, med ein femteplass påBillboard Hot 100. Det vart den siste pophitten forDecca Records iUSA.

Ein nyare versjon avUncle Kracker, i lag med Gray, vart ein hit i 2003.

Lister (Dobie Gray)

[endre |endre wikiteksten]
Liste (1973)Plassering
KanadiskeRPM Top Singles7
U.S.Billboard Hot 1005
U.S.Billboard Hot Soul Singles42

Andre versjonar

[endre |endre wikiteksten]

«Drift Away» har sidan blitt spelt av mange andre band og artistar, somAllan Clarke,Roy Orbison,Ike and Tina Turner,Humble Pie,Mud,Rod Stewart,Steppenwolf,Waylon Jennings,Ray Charles,Neville Brothers,Michael Bolton, Jim Hollis,Christian Kane,The Nylons,Ringo Starr,Bruce Springsteen,Judson Spence ogJohn Kay.[1]Det finst ei innspeling frå 1973 avThe Rolling Stones som ikkje er gjeven ut. Med på denne versjonen var alle dei dåverande medlemmane i the Stones, utanomKeith Richards og med klaverspelarenNicky Hopkins i tillegg.[treng kjelde] The Heptones spelte inn einreggaeversjon som er med på mange samleplater.Street Corner Symphony song òg ein versjon av songen som sinsvanesong i siste episode av sesong 2 av NBC-seirenThe Sing-Off.[2]Bon Jovi spelte ofte songen på konsertane sine i 1987. Ein versjon vart spelt inn som ein del av ein konsertserie på radiostasjonen Westwood One.Dolly Parton ogAnne Murray framførte songen i lag i 1976 på showet til Parton kallaDolly!.

Garth Brooks spelte inn songen i 2013 for albumetBlue-Eyed Soul.

Narvel Felts-versjonen

[endre |endre wikiteksten]
Drift Away
Singel avNarvel Felts
frå albumetDrift Away
B-side

«Foggy Misty Morning»

Utgjeve1973
SjangerCountry
Lengd3:15
SelskapCinnamon
ProdusentFarah Productions[3]
Narvel Felts-kronologi 
«Rockin' Little Angel»
(1973)
Drift Away«All in the Name of Love»
(1973)


Ein countryversjon vart spelt inn avNarvel Felts i 1973. Han spelte songen som ein countryballade, samanlikna med den meir bluesaktige versjonen til Gray. Felt endra teksten «I wanna get lost in your rock and roll» til «I wanna get lost in your country song». Songen nådde åttandeplassen påBillboard' Hot Country Singles-lista i august 1974, kring tre månader etter versjonen til Gray hadde herja listene.[4] Songen markerte første gongen Narvel hadde suksess i countrymarknaden, sidan han frå seint i 1950-åra hadde vore kjend som einrockabilly-artist.

Lister (Narvel Felts)

[endre |endre wikiteksten]
Liste (1973)Plassering
CanadianRPM Country Tracks48
U.S.Billboard Hot Country Singles8

Uncle Kracker med Dobie Gray

[endre |endre wikiteksten]
Drift Away
Singel avUncle Kracker medDobie Gray
frå albumetNo Stranger to Shame
Utgjeve17. mars 2003
SjangerPoprock,adult contemporary
Lengd4:15
SelskapLava
ProdusentMichael Bradford, Uncle Kracker

Ein versjon vart gjeven ut avUncle Kracker i 2003. Denne versjonen, der Dobie Gray syng det siste verset, nådde niandeplassen påBillboard Hot 100-lista. Han låg 28 veker på toppen avadult contemporary-lista i USA, noko som var ny rekord. Songen nådde òg 25. plassen på singellista i New Zealand.

Musikkvideoen vart regissert av Bronston Jones.

Lister (Uncle Kracker)

[endre |endre wikiteksten]
Liste (2003–04)Plassering
New Zealand25
USBillboard Hot 1009
USBillboardPop Songs10
USBillboardAdult Pop Songs2
USBillboardAdult Contemporary1

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Original versions of Drift Away written by Mentor Williams». SecondHandSongs. Henta 26. juni 2014. 
  2. Sharon, Deke; Dietz, Robert (2005). «Drift Away».Modern A Cappella Volume 1 SATB (div). Hal Leonard Corporation.ISBN 1-423-40048-8. 
  3. «Narvel Felts - Drift Away / Foggy Misty Morning - ABC - UK - ABC 4119». 45cat. 14. mai 1976. Henta 26. juni 2014. 
  4. Whitburn, Joel (2008).Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 143.ISBN 0-89820-177-2. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Drift_Away&oldid=3382626»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp