Donnatella Versace (fødd 2. mai 1955 iReggio di Calabria iItalia) er ein italiensk motedesignar. Ho driv moteselskapetVersace, som opphavleg vart starta av broren hennarGianni Versace.
Donatella vart fødd i den italienske byenReggio di Calabria. Ho er den yngste av tre barn. Seinare følgde ho broren sin med Knitwear design i Firenze. Gjennom nærleiken til bedriftene til broren vart Donatella ein part av moteindustrien. På 1980-talet gav Gianni Versace ut ein parfyme dedisert til systera, kallablonde, og gav henne sin eigen linje i selskapet kallaVersus.
Donatella er kjend for å bruke kjendisar til å marknadsføra kleda sine i staden for ukjente modellar. Donatella viste seg snart å vera ein PR-gigant innan Versace og vart snart kjent over heile Europa. Den 15. juli 1997 iMiami vart Gianni skoten og drepen. Familien vart deretter flytta til ein løynd resort i Karibia.
Det vart heldt gravferd og minnestund for Gianni. Eitt år og tre dagar etter bortgangen til broren hadde Donatella si første motevising for Versace på hotel Ritz i Paris. Denne og dei komande vart suksessar og Donatella vart verdskjent.