| Don Quarrie | |
| Statsborgarskap | Jamaica |
| Fødd | 25. februar1951 (74 år) Kingston på Jamaica |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1984,Sommar-OL 1980,Sommar-OL 1976 |
| Utmerkingar | Bislett-medaljen |
Donald O'Riley Quarrie, kjend somDon Quarrie, (fødd 25. februar 1951) er einjamaicansk tidlegare friidrettsutøvar fråKingston. Han vart olympisk meister på 200 meter i 1976 og vann elles to OL-sølv og ein OL-bronse i tida 1976-84.
Quarrie var kvalifisert tilSommar-OL 1968 i Mexico, men ein skade hindra deltaking. Året etter fekk han studiestipend ved University ofNebraska og flytta tilUSA. Under samveldeleikane 1970 iEdinburgh vann han både 100 m og 200 m, og som ankermann på Jamaicas lag i 4 x 100 m stafett tok han si tredje gullmedalje i leikane.
I 1971-sesongen forbetra Quarrie den personlege rekorden på 100 m til 10,1 sekundar. Meir imponerte han på 200 m med fyrst personbeste på 20,2, og særleg då han vann begge sprintdistansane under dei panamerikanske leikane iCali iColombia. Vinnartida hans på 200 m, 19,8 med manuell tidtaking, var årsbeste i verda og tangering avTommie Smith sin verdsrekord. Den uoffisielle elektroniske tida, 19,86 sekundar, var den nest beste nokon gong. Året etter deltok Quarrie på 200 m underSommar-OL 1972 i München, men braut semifinalen etter muskelstrekk.
Quarrie forsvarte i 1974 sine meistertitlar på 100 m og 200 m under samveldeleikane iChristchurch. I 1975 tangerte han verdsrekorden på 200 m for andre gong, og året etter tangerte han med tida 9,9 også den manuelle tidtekne verdsrekorden på 100 meter. UnderSommar-OL 1976 i Montréal tok han fyrst sølv på 100 m, etter å tapt for Hasely Crawford med eitt hundredels sekund. På 200 m heldt derimot Quarrie unna for alle konkurrentane og vann OL-gull med tida 20,22.
Under samveldelekene i 1978 vann Quarrie sin tredje 100-metertittel på rad, men vart slått ut på 200 m etter å ha fått krampe. To år seinare tok han seg til OL-finalen på 200 m i Moskva og vann bronsemedaljen, eitt tidels sekund bak gullvinnarenPietro Mennea fråItalia.
Quarrie deltok i 1984 i Sommar-OL for fjerde gong og sikra seg si fjerde OL-medalje då han som ankermann sprang Jamaica inn til sølv i 4 x 100 m stafett, slått einast av USA.