Dominica er ein karibisk øystat på 754km². Mesteparten av Dominica er dekt avregnskog. Fleire dyre- og planteartar som ein trudde var utrydda er blitt funne igjen på Dominica.Dominica ogVenezuela har ein territoralkonflikt kringIsla Aves, ei lita øy 110km vest for Dominica.
Dominica hartropisk klima.Middeltemperaturen i hovudstaden Roseau er 25°C i februar og 28°C i august-oktober. Det kjem særs mykje nedbør på øya, og årsnedbøren er frå 2000mm ved kysten til over 6000mm i fjella. Mellom juni og november kan Dominica verte råka avtropiske orkanar, som stundom fører til store øydeleggingar.
Linmarknad på Dominica på 1770-talet. Måleri avAgostino Brunias.
Øya blei folkesett avarawakar, som kom hit frå Sør-Amerika på 400-talet. På 1400-talet haddekalinagofolk, ellerkaribar, fortrengd arawakane.[1]
Den første europearen som såg Dominica var oppdagarenKristoffer Columbus i1493. Øya var åstad for fleire mislukka europeiske koloniseringsforsøk i løpet av 1600-talet. Franskmenn kom hit i 1632, og koloniserte Dominica fram til 1759. Då tok britane kontroll over øya. Dominica låg under den franske interessesfæren fram til 1763, då Franrkike formelt gjekk med på britisk herredøme.Franske styrkar tok henne i 1778, men blei drivne ut av britane i 1783. Frankrike gjorde eit nytt forsøk i 1795, og i 1895, då dei brann ned Roseau. Desse forsøka lukkast ikkje.[1]
Britane etablerte øya som eigen koloni i 1804. Då alle slavane idet britiske imperiet blei frigjorte i 1834, blei Dominica i 1838 den første britiske kolonien i Karibia med ei lovgjevande forsamling dominert av såkalla farga. I 1896 la Storbritannia Dominica under direkte kontroll som einkronkoloni. Mellom 1958 og 1962 var Dominica medlem avDen vestindiske føderasjonen. Dominica blei sjølvstendig 3. november 1978.[1]
Ved folketeljinga i 2011 hadde Dominica ein folkesetnad på 71 293.[2]Det finst to store busetnader på øya: hovudstadenRoseau (med 14725 innbyggjarar i 2011) ogPortsmouth (med 4167). Folkesetnaden held for det meste til rundt kysten, medan det fjellendte indre av øya er grisgrendt.[3]
Katolsk domkyrkje og metodistkyrkje i Roseau.
Omtrent heile folkesetnaden på Dominica stammar frå afrikanske slavar. Dominica er òg ei av få øyar i det austlege Karibia der det bur før-colombianskekaribar. Ca. 3000 bur på austkysten i eit eige område. Færre enn 200 av innbyggjarane på øya er rekna som kvite. Folkeveksten på Dominica er veldig låg, mest på grunn av emigrasjon til andre karibiske øyar, Storbritannia,USA ellerCanada.
Engelsk er det offisielle språket på Dominica og blir forstått av alle innbyggjarane. På grunn av historisk tilknyting tilFrankrike finst det eit franskbasertkreolspråk,patois, som blir nytta av deler av folkesetnaden.
Omtrent 80% av folkesetnaden erkatolikkar, og i dei seinare åra er det blitt etablert ein delprotestantiske kyrkjer.
Dominica er ein republikk medparlamentarisk regjeringssystem. Presidenten er statsoverhovudet, medan den utøvande makta ligg hos statsministeren. Parlamentet har 32 medlemmar i eitt kammer (House of Assembly), av desse er 21 valde direkte av folket, medan dei siste ni er senatorar som blir utnemnde av presidenten eller andre parlamentsmedlemmar.[1]
I motsetnad til andre tidlegare britiske koloniar i området har Dominica aldri vore eit samveldekongedømme, men blei republikk ved sjølvstendet i 1978.
Dominica har ikkje eigne militære styrkar. Dominica Police Force har ein eigen Special Service Unit og ei båteining. I tilfelle krig eller unntakstilstand erklært av styresmaktene, kan politistyrken i landet nyttast som forsvarsstyrke.[4]
Økonomien i landet er avhengig av turisme og landbruk. 40% av arbeidsstokken jobbar i jordbrukssektoren. Hovudprodukta for dominikisk landbruk ertobakk,bananar,grønsaker,sitrusfrukt,kopra ogkokosnøttolje. Andre industriar, utanom turisme, er produksjon av såpe, møblar, sement og skor.
Dominica er prega av høg fattigdom (30%), høg arbeidsløyse (23%) og lågt bruttonasjonalprodukt (5400 dollar per innbyggjar). Økonomien er i stor grad avhengig av bananeksport. Vekslinger i prisen på bananar gjer seg merka i heile økonomien.
Turistindustrien lid av mangelen på ei internasjonal lufthamn.
Dominica har tolv offentlege fridagar.[6] Dei religiøse høgtidsdaganelangfredag ogandre påskedag,andre pinsedag,første ogandre juledag er offentlege fridagar. Det gjeld ògførste nyttårsdag. I tillegg kjem ei rekkje andre offentlege fridagar. I samband medkarneval er det to offentlege fridagar, måndag og tysdag føroskeonsdag. 1. mai blir markert somarbeidardag. Første måndag i august blir feira som frigjevingsdagen,Emancipation Day til minne om avskaffinga av slaveriet. Sjøllvstendedagen er 3. november og er etterfølgd av dagen for nasjonal samfunnsteneste, som òg er offentleg fridag.
↑Dent, David W. og Larman C. Wilson:Historical Dictionary of Inter-American Organizations, 2. utgave, Lanham/Toronto/Plymouth: Scarecrow Press, 2014, s. 270.
↑«Public Holidays», Government of the Commonwealth of Dominica. Lest 18. desember 2016.