Eindobbeltagent er ein person som til dømes arbeider for toetterretningstenester på same tid.Det kan vere tale om to ulike formar:
Eit døme på ein dobbeltagent fråden kalde krigen er den russiske KGB-offiserenOleg Gordijevskij. Han hadde arbeidd ved KGB si avdeling i Kjøpenhamn i 1966 og i møtet med Danmark byrja han å mistru sovjetstyret. I november 1973 freista vestlege etterretningstenester å gjera Gordijevskij til dobbeltagent, og den 19. januar 1975 lukkast dei.Han arbeidde som dobbeltagent fram til 1985, då han rømde til USA.Avsløringa av Gordijevskij som dobbeltagent skuldast delvis ein annan dobbeltagent,Aldrich Ames.[2]
Amerikanaren Aldrich Ames arbeidde forCIA, og vart verva som dobbeltagent av KGB for pengar.Ein annan amerikansk KGB-dobbeltagent varRobert Hanssen, som arbeidde for FBI.Både Ames og Hanssen hadde føringsoffiserenViktor Sjerasjin.[2]I Noreg er det òg døme på avhopparar fråKGB, med dobbeltagentenMikhail Butkov, som verva seg for KGB i 1984, vart dobbeltagent i 1989 og hoppa av 22. mai 1991.[3][4]