Djibouti (arabisk, جيبوتي, Ǧībūtī) er ein republikk på austkysten avAfrika, med grensar tilEritrea,Etiopia ogSomalia. Djibouti har ei strategisk viktig plassering ved munningen avRaudehavet medYemen 20km ifrå på andre sida.
Fleire ulike stammar har halde til i området, men i dag erissaer ogafarar dei viktigaste. Stammane har historisk handla mykje medarabarane og blei tidlegmuslimar.
På1800-talet gjordeFrankrike området til eitprotektorat som dei kallaFransk Somaliland. I 1967 blei namnet endra tilDet franske territoriet til afarane og isaene, men i1977 blei det sjølvstendig under namnet Djibouti.
Einborgarkrig mellom styresmaktene og afarleiarar tidleg på 1990-talet blei avslutta med ein fredsavtale underskriven i1994.
Store delar av Djibouti består avsteinørken. Berggrunnen består avlava og vulkanske høgdedrag, som einskilde stader hevar seg over 1500 moh. Høgast nårMoussa Ali Terara på grensa motEtiopia ogEritrea med 2021 moh. (òg mælt til 2063 moh).
Djibouti harørkenklima med ekstrem varme. Det lågtliggande kystområde er svært varmt året rundt, men har lågaretemperaturar når sola står lågare på himmelen. Mykje av dei indre områda strekkjer seg over 500–600 m, og temperaturen ogfukta er litt lågare enn ved kysten. Dei årlege nedbørsmengdene er under 500mm, og mange stader berre kring 125mm. Det regnet som kjem på kysten kjem vanlegvis i perioden november til mars, men i dei indre områda er det meir vanleg medregnbyger frå april til oktober. Landet er periodevis råka avtørke, men stundom ògflaum.
Hovudstaden Djibouti har ein årlegmiddeltemperatur på 30°C. Januar er den kaldaste månaden med 25°C i middel, medan juli er den varmaste med 37°C (døgnmaksimum 43 C°).
To tredjedelar av innbyggjarane i landet bur i hovudstaden, som òg heiter Djibouti. Resten er stort settnomadar som lever avhusdyrhald.
Dei to største folkegruppene er deisomalitalande issaene, rundt 60% av alle innbyggjarane, og afarane, på rundt 35%. Resten ereuropearar, for det meste franskmenn og italienarar,arabarar elleretiopiarar.
Djibouti er einfrihandelssone, og økonomien er forankra i tenester som heng saman med dette. Landet er bådetransitthamn for regionen og eit internasjonalt skipssenter der skip blir lasta om og tankar drivstoff.
Elles har Djibouti liteindustri og fånaturressursar, bortsett frå den strategiske plasseringa og ei kystline på 80 mil. Det tørre klimaet hindrar storstilt matproduksjon, og mykje må kjøpast inn utanfrå. Landet har noko eksport avskinn ogkaffi.