| «Dizzy» Song avOlly Alexander[1] | ||
| Land | Storbritannia | |
| Språk | Engelsk | |
| Utgjeve | 1. mars2024 | |
| Sjanger | Pop,[2]dansepop,[3]electro,[4]disco[5] | |
| Lengd | 02:53 | |
| Selskap | Polydor[6] | |
| Komponist | Olly Alexander, Danny L Harle | |
| Tekstforfattar | Olly Alexander, Danny L Harle | |
| Låtskrivar(ar) | Oliver Alexander Thornton[7], Daniel Harle[8] | |
|---|---|---|
«Dizzy» (norsk omsetjing ‘svimmel’) er ein song av denengelskevokalisten oglåtskrivarenOlly Alexander[9], som han skreiv saman med Daniel Harle. Songen blei gjeven ut som singel 1. mars 2024. Songen vardet britiske bidraget iEurovision Song Contest 2024 etter å ha blitt internt vald avBBC.
I eit intervju medBBC fortalde Alexander at «Dizzy» blei skriven om sumaren 2023 og at teksten handlar om «å føle ei så intens kjensle for nokon at dei heilt snur verda opp ned og inn og ut».[10]
Alexander har skildra songen som «elektronisk» og «noko du kan danse til».[11][12][13] Musikalsk er songen inspirert av 1980-talsmusikk og artistar somErasure,Adamski ogPet Shop Boys.[10]
Den 16. desember 2023, under finalen avStrictly Come Dancing, kunngjorde Alexander at han skulle representereStorbritannia iEurovision Song Contest 2024.[14] Den 1. mars blei låten «Dizzy» gjeven ut og ein tilhøyrande musikkvideo lansert under spesialepisodenGraham Meets Olly, sendt påBBC One.[10]
«Dizzy» var bidraget til Storbritannia i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Som eit av «dei fem store» landa i Eurovision Song Contest, var Storbritannia direktekvalifisert til finalen laurdag 11. mai 2024. I avrøystinga fekk låten 46 poeng og enda på 18. plass; samtlege av poenga kom frå jurygruppene.[15][16][17][18]
| Liste (2024) | Høgaste plassering |
|---|---|
| Hellas International (IFPI)[19] | 59 |
| Litauen (AGATA)[20] | 12 |
| Litauen Airplay (TopHit)[21] | 47 |
| Sør-KoreaBGM (Circle)[22] | 98 |
| Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[23] | 1 |
| UK Singles (Official Charts Company)[24] | 42 |