Dissipasjon er eit omgrep ifysikken der mekaniske modar, sombølgjer ellersvingingar, som mistarenergi overtid, som regel på grunn avfriksjon ellerturbulens. Energitapet vert omdanna tilvarme dertemperaturen til systemet aukar. Slike system vert kalladissipative system.
Til dømes seier ein at eibølgje som får gradvis mindreamplitudedissiperer. Korleis dette går føre seg er avhengig av kva slags bølgje det er snakk om. Eiatmosfærisk bølgje vil til dømes dissipere nær overflata på grunn avfriksjon mot landmassen, og i høgare nivå på grunn avstrålingsavkjøling.
Dissipasjonskreftene er dei som ikkje kan skildrast ved hjelp avhamiltonske likningar. Friksjon og liknande krefter fører til ein meir indirekte ellerisotropisk energifordeling.
Inumerisk fysikk vert ein numerisk dissipasjon òg kalla ein «kunstig dissipasjon» eller «kunstig diffusjon». Dette tyder at når den reineadveksjonslikninga, som per definisjon er dissipasjonsfri, vert løyst av ein numerisk tilnærmingsmetode som reduserer amplituden og endrar forma på den opphavlege bølgja på liknande måte som ein diffusjonsprosess, så vert metoden sagt å innehalde dissipasjon.