Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Disse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Småbarn i ei sikra disse.
Foto: Quinn Norton
Ungutar disser samstundes i eit dissestativ.
Foto: Jean Claude Velasquez

Disse,gynge,føyse, huske ellerreile er ei hengande innretning ein gynga på i eipendelrørsle. Disser blir brukte tilleik, avslapping og opptreden. Som regel vil ein sitja eller stå i ei disse, og anten setja rørsla i gang ved å lena kroppen og eventuelt føter fram og tilbake, eller ved at andre dytter eller dreg med tau. Ulike disser er kjende frå store delar av verda.

Utforming

[endre |endre wikiteksten]

Det finst disser utforma til fleire ulike føremål. Disser for småbarn er sikra slik at dei sit trygt og ikkje fell ut. Disser for eldre barn og vaksne som kan halda seg fast kan vera enklare, til dømes laga av ein planke, stokk, tauknute eller eitbildekk. Disser heng som oftast itau ellerkjetting. Ein kan også bruka sterkelianar som naturlege disser.

Tradisjonelt har ein ofte hengt opp disser frå tak eller tregreiner, men det kan òg setjast opp særskild tillaga dissestativ, ofte slik at fleire disser heng frå ei ramme slik at fleire kan dissa samstundes. Slike stativ finn ein særleg på moderneleikeplassar. I slike stativ kan ein også festa disseinnretningar der to eller fleire kan dissa saman, anten ved at dei sit på ein benk saman eller ved at dei vender mot kvarandre og gjev fart kvar sin veg.

  • Lianedisse.
    Lianedisse.
  • Disse hengd opp i eit tre.
    Disse hengd opp i eit tre.
  • Estisk stordisse. Foto: Steve Jurvetson
    Estisk stordisse.
    Foto: Steve Jurvetson
  • Nepalsk dissestativ i Katmandu. Foto: Pavel Novak
    Nepalsk dissestativ iKatmandu.
    Foto: Pavel Novak

Bruk

[endre |endre wikiteksten]

Disser blir ofte brukt tilleik avbarn. Dei kan bruka disser for å oppleva fart og spaning, og meistra utfordringar som å gje fart sjølv, røra seg på dissa og hoppa av i fart. Det finst likevel også ei rekkje døme på disser forvaksne.

Dissing kan brukast tilunderhaldning av andre.Akrobatar kan til dømes bruka disse på vågalt vis itrapesar, tøystykke, tau og andre innretningar.

Ein kan også bruka disser i rituale. Dei blir til dømes brukt ibryllaupsseremoniar i Sør-India og årlege seremoniar i Thailand, der seremonien tilakhafolket er den best kjende i dag, medankjempedisseseremonien i Bangkok var den største tidlegare. I hinduismen er disser er særleg knytte til gutegudenKrisjna og til myta omskapinga av verda

  • Dissande figurar frå remojadas-kulturen (100 f.Kr.-800 i dagens Mexico).
    Dissande figurar fråremojadas-kulturen (100 f.Kr.-800 i dagens Mexico).
  • Eit par på ei disse. Indisk måleri frå rundt 1650.
    Eit par på ei disse. Indisk måleri frå rundt 1650.
  • Krisjna på ei disse. Indisk måleri frå 1750-60.
    Krisjna på ei disse. Indisk måleri frå 1750-60.
  • Les hasards heureux de l'escarpolette. Rokokkomåleri frå 1767-8 av Jean-Honoré Fragonard.
    Les hasards heureux de l'escarpolette. Rokokkomåleri frå 1767-8 avJean-Honoré Fragonard.
  • Trapesartistar. Teikning på ein sirkusplakat frå 1890.
    Trapesartistar. Teikning på einsirkusplakat frå 1890.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Disse&oldid=3135671»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp