Diplomat viser til nokon som tenestegjer iutanrikstenesta, ein person som representerer einstat i høve til ein annan stat, særleg politisk. Diplomatar i andre land enn heimlandet har ei særskild stilling kjend somdiplomatisk immunitet.
Omgrepet er knytt tildiplom, det vil seie offisielle dokument.Diplomatar var 'personar utstyrt med fullmakter'. Etterkvart blei dette ordet brukt om ein person som på vegne av einstat har ansvar for å føre forhandlingar med framande statar,diplomati.Diplomat kan også brukast i overført tyding, om ein person som er ein flink forhandlar, ein som er oppteken av ikkje å støyte nokon, eller som er forsiktig med kva han eller ho seier.
Ein diplomat blir i dag definert som dei medarbeidarane ved einambassade eller eindiplomatisk misjon som har diplomatisk rang, det vil seie er utstyrt meddiplomatpass. Diplomatar skal prinsipielt verestatsborgarar i utsendarstaten.