Dinosaurus (frågresk deinos, ‘frykteleg’, og sauros, ‘øgle’) ellerkjempeøgler er namnet på ein typekrypdyr som levde imesozoikum, 225 til 65 millionar år før vår tid, og inkluderte dei største krypdyra som har eksistert (sokalla kjempeøgler).
Det fanst store mengder dinosaurar påjorda gjennom mykje avtrias og heilejura ogkrit, men nesten alle døydde brått ut over heile planeten då einasteroide med ein diameter på om lag 10 km kolliderte med jorda i det som no erChicxulub nær byenProgreso iMexico. Kollisjonen førte tvillaust tilvulkanutbrot ogskogbrannar. Oske frå desse, saman med støv frå samanstøyten, mørkla Jorda i mange månader og førte til katastrofale ringverknader på klimaet i dei følgjande ti tusen åra, ifølgje utrekningar gjorde i 2001 av forskarar ved California Institute of Technology etter analyser avheliumisotopar isediment frå perioden. Den vesle gruppa dinosaurar som overlevde er i dag kjend somfuglar.
Forsteina dinosaurusbein må ha blitt funne av menneske i forhistorisk tid òg, og er kan hende opphavet til segna omdrakar. Det første funnet av dinosaurusbein i moderne tid vart gjort i Woodbury Creek iNew Jersey i 1787, men vart ignorert av forskarane. Dei første utgravne beina som enno er bevarte, vart funne i 1818 og finst no på Peabody Museum vedYale-universitetet. Først på midten av1880-talet skjønte folk kor gamle slike fossil faktisk er, og innsåg kor store somme av desse dyra må ha vore. Dyra fekk namnet dinosaurar, «skrekkøgler», og både namnet og storleiken på fossila sette fantasien i sving hjå folk flest. Ikkje minst blei det populært blantborn å læra om dei store, fryktinngytande kjempene som levde for lenge sida. I løpet av dei siste hundre åra er det funne fossil frå rundt 1 850slekter av dinosaurar, men berre nokre få hundre av desse er grundig undersøkte.
Dinosaurane var særs varierte og fanst i dei fleste økosystem i tida si: Nokre var svært store, andre ganske små. Somme vandra omkring på alle fire, somme gjekk på to. Nokre var kjøtetarar, andre planteetarar. Det er funne fossil med delvis intakt skinn, som minnar om krokodilleskinn, men ingen veit t.d. kva farge dinosaurane hadde.Paleontologane stridest framleis om om dinosaurane var varm- eller kaldblodige.
Viss ein ser bort frå fuglane, kan dinosaurane oppsummerast somarchosaurar som levde frå seintrias til seinkrittid og hadde rake ekstremitetar dei kunne stå oppreist med. Dette skil dei frå dei einaste andre archosaurane som lever i dag,krokodillane, som har bein som stikk ut frå sida av kroppen og vert haldne i ein cirka 90 gradars vinkel.
På same måte som andre archosaurar hadde dinosaurane opningar ihovudskallane sine mellom nasebora og augo, og ikjevebeina. Dette var med på å gjera kraniet lettare, og var ein stor fordel då dyra voks seg til dei enorme storleikane me er vane med å tenkja på dei i.
Basert på hoftestrukturar delar ein dinosaurar inn i toordenar;Ornithischia (fugle-hofter) ogSaurischia (øgle-hofter). Hjå Ornitischia peikarpubisbeinet (støtteknokkel for penis) framover, mot kraniet. Denne gruppa omfattar dei fleste planteetande dinosaurane, bortsett frå dei storesauropodane. Saurischia hadde bakover-peikande pubisbein og bestod for det meste av sauropodar og kjøttetarar. Forvirrande nok vart det denne gruppa - dei med øgle-hofter - som gav opphav til fuglane. I tillegg til generelleskjelettstrukturar har ein mellom anna sett at sommefossil er funne med avtrykk etterfjør.