Dinitrogenoksid (N2O) ellerlystgass er ved romtemperatur og atmosfærisk trykk ein fargelaus, ikkje-brennbar gass med ein behageleg, lett søtleg lukt. Gassen har fått namnet «lystgass» på grunn av måten av påverkar menneske som inhalerer han, og av same grunn vert han bruka som bedøvingsmiddel, både avtannlegar ogjordmødrer.
Dinitrogenoksid brukast som
- bedøvingsmiddel
- drivgass til næringsmiddel på sprayflaske, for eksempelfløytekrem
- oksideringsmiddel for stempelmotorar: Dinitrogenoksid leverer meir oksygen til forbrenninga pr. volumeining enn atmosfæriskluft.
- vernande atmosfære ipotetgullposar.
Innanding av lystgass gjer at menneske kjenner mindre smerte. Gassen kan òg gje årsak tileufori, svimling og i somme tilfelle ei svaktafrodisisk verknad. Store dosar over kort tid kan føre til mild kvalme eller varig svimmelheit. Gassen i seg sjølv er ikkje giftig, men han kan fortrengeoksygenet i innandingslufta og dermed føre til kveling.
Lang tids bruk i store mengder er forbunde medsymptomer som minner om mangel påB12-vitamin;blodmangel og skader pånervesystemet. Mange merkar òg lattergass på høyrsla, slik at all lyd ei kort stund høyrest metallisk ut.
Det finst døme på misbruk av dinitrogenoksid som eitrusmiddel, noko som er årsak til at gassen vert fasa ut til fordel for andre bedøvingsmiddel. I ca. 30 statar iUSA er det forbode å bruke dinitrogenoksid.
Globalt er lystgass den tredje viktigaste naturlegeklimagassen ved sidan avCO2 ogmetan. Konsentrasjonen av lystgass i atmosfæren har auka med ca. 18 prosent sidan 1750.
Den viktigaste kjelda til naturleg lystgass er mikrobiologisk aktivitet i jordsmonnet som omdannar ulike nitrogensamanbindingar til lystgass. Landbruksverksemd aukar tilførselen nitrogenhaldig mineralgjødsel og husdyrgjødsel til jorda, slik at det vert danna meir lystgass.
Utsleppa av lystgass frå vegtrafikken aukar, sidan lystgass mellom anna vert danna som eit biprodukt iavgass-katalysatorar. I Noreg bidrog lystgass med ni prosent av det samla klimagassutsleppet i 2005. Omtrent 44 prosent av utsleppet kjem frå landbruk og 41 prosent frå mineralgjødselproduksjon.
Dinitrogenoksid vart oppdaga i1772 avJoseph Priestley, og i 1790-åra eksperimenterteHumphry Davy saman med nokre venner (deriblant poetaneSamuel Taylor Coleridge ogRobert Southey) med å inhalere gassen. Dei oppdaga fort at dinitrogenoksidet verka sløvande på smertesansen utan at personen heilt mista medvitet, og sidan vart stoffet bruka som bedøving.