Dimmu Borgir er eitnorsksymfoniskblack/ekstrem metal-band.
I nyare tid har Dimmu Borgir gått lenger frå black metal-sjangeren, men samtidig halde på mange av elementa. Det er usemje om Dimmu Borgir vert rekna som eit symfoniskblack metal-band i dag, eller rett og slett berre eit symfoniskekstrem metal-band. Namnet Dimmu Borgir er tatt frå ein stad påIsland,Dimmuborgir, som er eit stort område med uvanlegelavaformasjonar aust for innsjøenMývatn. Området består av diverse holer og klippeformasjoner. Dimmuborgir tyder «mørke borger».
Dimmu Borgir er kjend internasjonalt og saman medA-Ha ogTurboneger er dei Noreg sine største eksportvarer av musikk. Dimmu Borgir spelar symfonisk black metal, mykje dissonansar, melodilinjer, temposkifter, endringar i tone og taktart, rabiate og teknisk avanserte trommer, mørk stemning og inspirasjon fråklassisk musikk. Dimmu Borgir sine tekstar byggjer ofte på sataniske verdiar, men bandet nektar for at dei har noko personleg forhold tilsatanisme. Dimmu Borgir gjekk etter kvart over til å hovudsakleg skrive på engelsk (tidlegare hadde dei skrive norske songtekstar), for at bodskape deira skulle verte lettare å forstå. Dei var òg lei av å forklare for ikkje-norsk-språklege kva tekstane handla om.
Bandet har vunneSpellemannprisen 2001 ogAlarmprisen 2002 forPuritanical Euphoric Misanthropia,Spellemannprisen 2003 ogAlarmprisen 2004 forDeath Cult Armageddon ogAlarmprisen 2007 forIn Sorte Diaboli. Alle prisane i klassen metal. Dei fekk dessutanGammleng-prisen i klassen black metal i2004.
Det siste albumet,In Sorte Diaboli, kom i butikkane24. april iNord-Amerika,27. april iTyskland og30. april i resten avEuropa. Den6. november2007 fekk dei tildeltgullplate for dette albumet. UnderSpellemannprisen 2007 fekk Dimmu Borgir prisen for årets musikkvideo medThe Serpentine Offering.