Afsluitdijk er eit langt dike som skil havet frå lågtliggjande land- og sjøareal i Nederland. Fotografiet er teke i nordleg lei,Nordsjøen ligg til venstre for diket, og den lågareIJsselmeer og det lågtliggande landområdet til høgre. Vatn på landsida av diket vert pumpa over diket og ut i havet ved hjelp av store pumper.
Eitdike er ein voll eller eit langstrekt byggverk av jord, morenemasser og stein som skal haldevassmassar vekk frå landareal og hindreflaum. Då ordetflaumverk er vanleg å nytte om flaumsikre vollar i Noreg, til dømes nytta avNoregs vassdrags- og energidirektorat, er ordet dike vanlegvis nytta om flaumverk og kystsikring som ligg i utlandet, særleg dei store flaumverka og kystsikringane iNederland. Her ligg store areal særs lågt, jamvel fleire meter lågare enn havoverflata, og må såleis sikrast permanent mot havet og langsmed dei store elvane med dike i kombinasjon med store pumpeverk. Mange lange og høge dike av sand og grus, plastra med steinfyllingar, hindrar vatn frå havet eller frå elvar å flaume inn over byar og jordbruksareal.
Til å lage mellombels dike, eller til å reparere skadar på dika i flaumsituasjonar, vert det ofte nytta sekkar fylte med sand og langt i rad og rekkje, eventuelt fleire i høgda. Mellombels dike kan òg lagast av anna høveleg materiale som kan leggjast snøgt på plass i tilstrekkeleg lengd, til dømes lange strengar med grus pakka inn i plast.
Dike er dessutan eit ofte nytta ord for gjørme eller gjørmehol,eit blautdike.
Dike er òg eit vanleg ord for ei oppgravengrøft, som til dømes eidreneringsgrøft langsmed eit jorde eller eiveggrøft langsmed ein veg.